Grannvar rapport frå kvardagen

Gaute & Veronika er ein stillferdig og detaljsterk roman om det grunnleggjande i livet.

Kristian S. Hæggernes har skrive fleire bøker i ulike sjangrar.
Kristian S. Hæggernes har skrive fleire bøker i ulike sjangrar.
Publisert

Kristian S. Hæggernes er ein produktiv forfattar som med den ferske boka si har fullført eit hat trick i bruken av teiknet & – etterkommaren av teiknet Marcus Tullius Tiro, slave og sekretær hjå Cicero, fann opp for 2000 år sidan – i boktitlane sine. Det nemner ikkje Hæggernes, men no kan han skryta av at han vart nemnd i same setning, eller periode, som Cicero, faktisk to gonger no, og det er jo ikkje så reint lite. Hæggernes skriv også ein serie dikthefte under tittelen Jenter fra Bergen, som ein kan finna i den framifrå bokhandelen Boksalongen i Bergen, og det er trivelege dikt utan dei største ambisjonane, det er ikkje Celan, Hölderlin eller Szymborska, men bra nok til at han vart nemnd i same setning, eller periode, som dei tre, så Hæggernes går frå triumf til triumf og lyt takast på alvor.

Djup innsikt

Romanen Gaute & Veronika fortener også alvor og merksemd. Det er ei stillfarande bok, men skriven og tenkt reint og klårt, med djup innsikt i menneskesinnet. Endå har ikkje Hæggernes gjort det lett for seg sjølv. Eg-personen i boka er ei middelaldrande kvinne, men Hæggernes har fått dette til så overtydande at ein straks godtek føresetnaden. Kvinna heiter Lisbeth, og ho var gift med ein Harald som døydde lenge før romanen tek til. Ho har gifta seg på nytt, med Truls, som har mista kona si nokre år tidlegare. Lisbeth er mor til Gaute, Truls er far til Veronika. Gaute er ein ung, vaksen mann, men han bur heime, og no kjem Veronika, som har budd i USA, heim til Noreg av di ho har ein livstrugande sjukdom.

Lisbeth har mange suter, og ho har truleg alltid hatt det, om dei enn har skifta. Mor hennar skeia ut då ho vart enke, til dei grader at Lisbeth tenkte ho ikkje kunne gifta seg så lenge mora var i live, av di det ville vera pinleg å syna fram ei slik mor i bryllaupet. Slikt tankegods finn ein ikkje for ofte i litteraturen, men det er just såleis mennesketanken fungerer. Småting vert til uoverkommelege hinder, og desse småtinga har Hæggernes eit uvanleg skarpt blikk for.

Funderingar

Romanen er sterkast på detaljplanet, til dømes når Lisbeth skildrar ein episode då Gaute laga ei julekrybbe, men lesaren vert også glad når Lisbeth resonnerer, for det er ho god til. Til dømes når me får møta mor hennar, som ikkje forstår at ho har endra seg, men trur at endringane ho sansar, er noko som har hendt med alle andre. Lisbeth er dessutan i stand til å vurdera seg sjølv medan ho snakkar, noko som sikkert kan irritera somme lesarar, av di dei trudde dei var eineståande på det området. Hæggernes gjer også bipersonane levande med nokre få ord, mellom anna når Lisbeth nemner den første mannen sin, Harald, og seier at han åt for mykje og trimma for lite: «Hvis jeg hintet om det, minnet han meg alltid på at han ikke røykte, som om bare det å la være å røyke var en kur for alt.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement