Film
Grådig gøy i Groruddalen
Filmen basert på den populære romanen Hør her’a sprudlar.
Onkel Ji (Asim Chaudry), Ali/Alia (Liza Haider) og Mahmoud (Mohammed Ahmed) på sightseeing utanfor operaen i Oslo.
Foto: Motlys
Det er sommar i Oslo. Mahmoud (Ahmed) heng heime i Groruddalen, medan «norske nordmenn» er i Syden. Onkel Ji (Chaudhry) kjem på besøk frå Pakistan. Det uroar alle. Mora (Thepade) må lage imponerande mat. Mahmoud må fungere som guide for onkelen, medan faren køyrer drosje.
Vetlebror Ali (Haider) er i overkant interessert i rosa einhyrningar, regnbogar og sminka til Arisha, jenta Mahmoud er forelska i. Snart vil Ali bli kalla Alia. Mahmoud har ei mengd problem.
Snakkis
Mahmoud snakkar rett til kamera på vegner av «vi pakkisbarn». Han rettar seg til publikum og forklarar korleis livet som norskpakistansk gut utan pengar er i Groruddalen.
De norske nordmenn lyt lære! Her blir det hersa vilt med alle stereotypar.
Alle kurdarane heiter Goran. Alle dei pakistanske mødrene sladrar mellom balkongane. Smilande somaliske menn diskuterer ein ny blazer og norsk forbod mot khat. Eller har Sylvi Listhaug rett i at småpraten handlar om at det kanskje er på tide å byrje å ta over landet? Hør her’a blir omtala som drama, men har minst like mykje komedie i seg. Blikket på det norske er stundom hylande morosamt. Filmen boblar av idear og forteljarglede.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.