Musikk
Gotiske røyster
Sjølv om musikken er komplisert, treng han ikkje å verka utilgjengeleg.
Noteark frå samlinga «Old Hall Manuscript», som blei til kring 1420.
Foto: British Library
Mellomaldermusikarar må vera dei mest akademiske musikarane me har. Teksten i omslagsheftet til dette albumet, som er skriven av ein av utøvarane, er så full av engelske ord eg ikkje kjenner, at eg måtte lesa han med ordbok. Men ein ting er det reint språklege. I tillegg kjem dei mange faguttrykka, som krev eit oppslagsverk nummer to.
Å framføra den for oss temmeleg framandvorne mellomaldermusikken, er ikkje berre ein kunst, men ein vitskap for seg. Men må me kjenna til komposisjonsteknikkane – dei kompliserte rytmiske strukturane, reglane for konsonans og dissonans og, ikkje minst, latinen – for å ha glede av han? På ingen måte. Me kan nyta han som eit estetisk objekt, som me i grunnen gjer med all musikk.
Old Hall Manuscript
Om eg frå ein publikumsståstad skal samanlikna mellomaldermusikken med ein annan type musikk, må det vera samtidsmusikken, som ofte er samansett, utan at det nødvendigvis gjer han utilgjengeleg for lyttarar med bakgrunn frå det barokke og klassisk-romantiske repertoaret.
Repertoaret til det britiske ensemblet Gothic Voices, som blei stifta i 1980, er då òg nettopp mellomaldermusikk og samtidsmusikk – sjølv om det den gamle musikken dominerer diskografien deira, som er på over 20 album. På det nyaste, Echoes of an Old Hall, syng dei stykke frå det såkalla Old Hall Manuscript. Denne samlinga av religiøs musikk blei notert på pergament kring 1420 og har fine illustrasjonar (på fagspråket: illuminasjonar). Ho inneheld mest 150 einskildstykke og er ei av dei viktigaste kjeldene våre til musiseringa i engelsk seinmellomalder.
Metamusikk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.