Bok
Godt handverk gir god litteratur
Arne Ruset har heile vegen trudd på eige talent, og det betaler seg etter kvart.
Arne Ruset har skrive bøker i fleire sjangrar og er no ute med den tredje romanen sin.
Foto: André Løyning
Eg skal vere ærleg og seie at Arne Rusets forfattarskap, med 16 titlar frå 1973 og fram til i dag, ikkje har vekt den store interessa frå mi side. Men dei siste åra har forfattarskapen fått ny vitalitet gjennom å vende seg bort frå lyrikken og inn mot prosaen. I ein alder av nær 70 år står Arne Ruset fram som ein stilsikker og raffinert forfattar med romanen Songbok for hesten (2017) og årets roman Nattferje frå Åfarnes.
Ruset er ikkje den første, og neppe den siste, til å vinkle ein roman ut frå at forteljaren/forfattaren i ei livskrise søkjer seg tilbake til heimplassen for å finne svar på eksistensielle spørsmål kring livet og døden og kjærleiken. Men han gjer det på ein imponerande måte ved å la to parallelle tekstløp krysse og kommentere kvarandre gjennom ti noveller og ti kvardagsrapportar frå opphaldet i ei kummerleg hytte. Når forteljaren ikkje skriv for hand, streifar han rundt i nærområdet og observerer i minste detalj seg sjølv og landskapet rundt seg.
Poengtert humor
Forteljaren verkar innimellom nokså upåliteleg, ein mann som blandar draumar og realitet, og som lar noko usagt bli hengande i lufta. Han er rutinert og veit å avslutte i tide, slik at lesaren kjenner denne dirringa som kjenneteiknar god litteratur. I langt dei fleste av tekstene i denne fragmentromanen er dette på plass, både i novellene og i kvardagsrapportane som også speler seg ut mot ein reell eller ein fiktiv dramatikk, slik novellene òg gjer.
Samtidig med at Ruset kan vende kvardagsnære og harmlause situasjonar til noko skremmande og farleg, er han også heilt nedpå med ein poengtert humor og eit blikk for komiske situasjonar, som skildringa av ei vitjing hos mora på sjukeheimen. Også det at mora døyr og blir gravlagd, er skildra nært og med usentimental distanse.
Å vere menneske
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.