Film

God stemning

Røynd slår fiksjon i den koselege historia om verdas dårlegaste landslag.

Filmen følgjer fotballaget til Amerikansk Samoa, kjent for det sørste tapet i Fifa-historia.
Filmen følgjer fotballaget til Amerikansk Samoa, kjent for det sørste tapet i Fifa-historia.
Publisert

I 2001 tapte herrelandslaget til Amerikansk Samoa 31–0 for Australia, det største tapet i historia for kvalifiseringskampar til verdsmeisterskapen i fotball. Ti år etter blir den temperamentsfulle palakien, eller kvitingen, Thomas Rongen (Fassbender) tvinga til å ta jobben som trenar. Tinginga frå leiaren for fotballforbundet er eit mål. Berre eitt mål. Rongen leiar ei brokete forsamling.

Tropiske tropar

Den sanne historia har alt Hollywood elskar: ein kvit frelsar, ein trist privilegert mann som får ny innsikt i livet av å møte livsglade folk frå ein annan kultur, og ei forteljing om underdogs. Ikkje rart Disney tok tak i saka etter suksessen til dokumentarfilmen med same namn frå 2014. Som regissør Taika Waititi i rolla som prest seier til kameraet i innleiinga, har dei teke seg ein god porsjon fridomar.

Waititi er rett mann til oppgåva. Han tøysar med tropane. Vitsane sit stundom godt. Ei rekke av figurane har sjarm. Den normalt framifrå Michael Fassbender verkar rusten. Etter fire år fri var returen i The Killer nitrist. Han er betre i hovudrolla i Next Goal Wins, men lyt spele seg i form.

Ein av dei meir talentfulle samoanske spelarane er Jaiyah (Kaimana), som høyrer til fa’afafine, ein kjønnskategori med historiske samoanske røter. Samoanarar er nokre steg framfor den jamne Fifa-pampen på den fronten. Kaimana spelar rolla som Jaihay fint.

Søtt og godt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement