Musikk
God skjereevne
Olga Pasjtsjenko spelar Mozart på tangentflygel og hammarklaver.
Russiske Olga Pasjtsjenko er i ferd med å spela inn alle klaverkonsertane til Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791).
Foto: Yat Ho Tsang
Det er ikkje kronologien som stakar ut løypa i Olga Pasjtsjenkos reise gjennom Mozarts klaverkonsertunivers. Verksamansetninga på dei to nyaste platene, der ho leiar originalinstrumentorkesteret Il Gardellino, vitnar om at det fyrst og fremst er kompositoriske og klanglege kontrastar pianisten søkjer å få fram.
Bruken av ulike klaverinstrument styrkjer dette klangmangfaldet. På 2024-albumet er alt spelt på hammarklaver, altså forløparen til vårt moderne konsertflygel, medan me på 2026-albumet også får høyra eit såkalla tangentflygel.
20 eksemplar
Tangentflygelet er ein underleg hybrid mellom cembaloen, der strengene blir knipsa på av eit plekter, og hammarklaveret, der filtpolstra hamrar slår mot strengene. Tangentflygelet har fått namnet sitt av di det er «tangentar» av tre som tangerer ved strengsettet, noko som både avlar ein cembaloaktig sprø og eksplosiv lyd, og gjev høve til gradert dynamikk (gradvis sterkare og svakare). Det sistnemnde går elles berre på hammarflygel.
Mozart var begeistra for tangentflygel, som det i dag berre er bevart kring 20 eksemplar av. Pasjtsjenko nyttar ein kopi av eit instrument bygd i Regensburg i 1794. I opningssatsen (CD 1, spor 1) til den relativt tidlege Klaverkonsert nr. 6 i B-dur, KV 238, kling det langt på veg som ein barokk cembalo, det vil seia metallisk og med god skjereevne gjennom strykarklangen. I den rolege andresatsen kjem tangentflygelets dynamiske finessar meir til sin rett, med dempa melodiar som den ornamentglade Pasjtsjenko prydar med triller og løp kvar stad ho kan.
Herlege horn
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.