Bok
God populærvitskap
Lat det vere sagt med ein gong: Denne boka er god.
Forskarar tyr ofte til ein science light-stil, der fagorda er erstatta av enklare, men stadig abstrakte ord i lange vendingar rike på atterhald og undersetningar. Resultatet er bøker for akademikarar i andre fag.
Anne Sverdrup-Thygeson, professor i bevaringsbiologi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), held god avstand til denne vanlege grøfta. Og ein ting til: Ho skriv med ein eldhug som fengjer lesaren. Så når ho attpåtil treffer tidsånda – som i Insektenes planet (2018), er suksessen sikra og vel fortent.
Sameksistens
Den nye boka er ei samling forteljingar om vår sameksistens med andre artar på kloden. Dei er mange, men slett ikkje tallause. Sjølv om vi ikkje veit «ti millionar» til siste siffer, kanskje ikkje eingong det første, er talet endeleg. For mange minkar leveområda og for somme eksistensen. Eg har sjølv stått ved eit slikt stup, på Mauritius, framfor det siste attlevande individet av «den einsamaste palmen» Hyophorbe amaricaulis. Tolv meter høg, stødd av eit stillas, men ufruktbar.
Men forfattaren nemner ikkje tvilsame slagord som «den sjette masseutryddinga».
I staden fortel ho eit vell av korte og lange episodar om korleis store og små «redder livet ditt». Her er skogar som filtrerer vatnet til New York, barlind som blir kreftmedisin, slimsopp som blir modellar for trafikkavvikling i tettbygde Japan. Her er òg artar som tapte, slik som kjempedovendyret som forsvann for ti tusen år sidan og etterlét avokadoen utan frøspreiar – til menneska tok seg av det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.