God og dårleg etterpåklokskapKjærstads kritiske refleksjonar om mekanismar i eit tragedieramma samfunn er interessante, men pedantiske.

Kjærstads kritiske refleksjonar om mekanismar i eit tragedieramma samfunn er interessante, men pedantiske.

Jan Kjærstad tek utgangspunkt i eit nasjonalt traume i ein ny roman.
Jan Kjærstad tek utgangspunkt i eit nasjonalt traume i ein ny roman.
Publisert

Roman

For eit par år sidan etterlyste Jan Kjærstad eit større register av vurderingskriterium i litteraturkritikken, eit utslag av viljen og evna han ofte har vist til å gå på tvers og pirke i vanetenking. Når han no gir ut ein roman kor hendingane er tydeleg inspirerte av traumet frå 22. juli 2011, passar det å vurdere verket etter kriteria han sjølv stilte opp: tankekraft, «besynderlighet», originalitet, etterglød og veikskap.

Tankekraft

Tittelen Berge kjem av etternamnet til ein av tre forteljarar, men har òg andre dimensjonar. Handlinga startar med at journalisten Ine Wang får vite at fem menneske er drepne på bestialsk vis i ei hytte, mellom dei den profilerte politikaren Arne Storefjeld, som ho skriv biografi om. Dermed skal tragedien vise seg å «berge» karrieren hennar. Samstundes startar jakta på ei logisk forklaring og ein gjerningsmann som skal «berge» samfunnet frå redsla for tilfeldig vondskap ein ikkje kan verje seg mot.

Påpeikinga av at tragediar kan ramme av årsaker det er vanskelege å skjøne, eller til og med finne, er viktig og god. Men samtidig er det noko lettvint ved dei kritiske aspekta i boka.

Handlinga er lagd til 2008, til det vi i dag tenkjer på som ei meir uskuldig tid. Men dermed er det først og fremst etterpåklokskapens lys som spreier seg gjennom diverse analysar og spådomar som blir presenterte gjennom dei fiktive personane. Ja, det finst nok menneske med viktige innsikter som ikkje blir høyrde før det er for seint, men desse idealiserte typane, som Kjærstad har ein forkjærleik for, er ganske irriterande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement