God grunn til glitter
Forlaget har spandert glitter i tittelen på omslaget.
Teikneserien Jojo går fast i Norsk Barneblad. Ei ny rammeforteljing presenterer lesarane for den fargerike guten og kvardagsmagien han opplever når stripene no er samla i ei bok med same namn.
Jojo kjem til å sparke bort i ein ølboks på vegen. Ut frå boksen kjem ein lilla, skyliknande skapnad: «Eg er den magiske ånda i ølboksen», seier ho, og gjev Jojo eitt ynske. «Eg ynskjer meg at livet mitt var meir magisk!», svarar guten, som like gjerne kunne ha vore ei jente og som har ulike hudfargar i dei ulike stripene.
Denne første stripa kan lesast både som ein introduksjon og ei oppsummering av universet til Ida Eva Neverdahl: Det magiske er ein føresetnad i forteljingane, moral er eit viktig motiv og andre mytar og eventyr ser ut til å vere ei stor inspirasjonskjelde.
I stripa «Ostepop», til dømes, er Jojo «sjukt sugen på godteri». Ostepopfeen gjev han magiske fingrar. Alt han tek i, blir til ostepop. Straks kjenner vi att den greske myten om Dionysos som lèt alt kong Midas tek i, bli til gull, men Neverdahl overdriv og leikar seg i ei lattermild vidareføring av historia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.