Film
God gamaldags Guillermo
Filmnerden Guillermo del Toro fråtsar framleis i fortida.
Cate Blanchett spelar psykolog. Bradley Cooper har hovudrolla som Stan.
Foto: Kerry Hayes / Disney
Seint på trettitalet legg Stan (Cooper) eit lik i golvet før han brenn huset og tek bussen langt vekk. Han får jobb på eit omreisande karneval, ein plass som blandar «frikarar» av ymse slag med spådom og marerittfylte hus. Miljøet blandar grov audmjuking av dei nedst i hierarkiet med greie folk som tek godt imot den komande antihelten.
Etter kvart sjarmerer han den søtaste jenta (Mara) i troppen og reiser mot nye høgder. Mentalisme skal gje mynt i kassa, men fallhøgda aukar.
Fatalt flott
Meksikanske Guillermo del Toro vann Oscar for beste film med The Shape of Water i 2018. Nightmare Alley når neppe like høgt, men handlaget med klassisk filmforteljing har han framleis. No har han laga ein typisk film noir basert på ein roman frå 1946 som vart film året etter.
Bekmørke omgjevnader og striregn i smug skal med. Dei laga jamvel ein ekstra versjon i svartkvitt. Krim møter psykologisk thriller. Hovudfiguren vinglar mellom helt og skurkestrekar. Ein pistol kjem aldri til syne utan at han skal bli brukt i ei seinare scene.
Ingen film noir utan femme fatale: Cate Blanchett er fødd til å spele slike figurar, og ho er magnetisk tiltrekkjande i rolla som psykolog med skarpt blikk. Ho osar fare. Korkje Bradley Cooper i hovudrolla eller Rooney Mara som kjærast har same styrke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.