Gløymde Geoffrey B. Robinson har skrive eit standardverk om massakrane på indonesiske kommunistar midt på sekstitalet.

Geoffrey B. Robinson har skrive eit standardverk om massakrane på indonesiske kommunistar midt på sekstitalet.

Medlemmer av ungdomsorganisasjonen til det indonesiske kommunistpartiet blir frakta til fengsel av soldatar i Jakarta 30. oktober 1965. Militærkampanjen mot kommunistane kan ha kosta ein halv million menneskeliv.
Medlemmer av ungdomsorganisasjonen til det indonesiske kommunistpartiet blir frakta til fengsel av soldatar i Jakarta 30. oktober 1965. Militærkampanjen mot kommunistane kan ha kosta ein halv million menneskeliv.
Publisert

I 1965–66 vart over ein halv million indonesarar massakrerte i ein systematisk nedslaktingskampanje retta mot det indonesiske kommunistpartiet. Massakrane var organiserte av den øvste militære leiinga i landet og vart gjennomførte av hæren med støtte av ei stor mengd lokale antikommunistiske militsar. Resultatet var at den første presidenten i landet, Sukarno, som hadde vore den nasjonale leiaren sidan frigjeringa frå Nederland på 1940-talet, mista makta. Det nasjonalistiske styret han stod for, som blant andre også hadde støtta seg på kommunistane, veik plassen for eit nytt diktatorisk regime under general Soeharto.

Dette regimet kom til å vare i over tretti år og la eit tjukt teppe av togn over massemorda og kriminaliserte offera i over ein mannsalder. Verda elles har, med unntak av nokre få idealistiske grupper og enkeltpersonar, avskrive denne delen av historia som fjern og uvedkommande; såleis har det verken internasjonalt eller i Indonesia vore opportunt å snakke om eit rettsoppgjer eller oppreising for offera.

Massedrap

Somme har gjennom åra prøvd å bøte på dette, mellom anna ved å gi ut bøker om desse hendingane. Den så langt største og mest utførlege framstillinga kom ut tidlegare i år: The Killing Season – A History of the Indonesian Massacres, 1965–66. Forfattaren er Geoffrey B. Robinson, ein amerikansk historikar og ekspert på politisk massevald og menneskerettsbrot. Robinson har særleg spesialisert seg på Indonesia og Aust-Timor.

Boka er kronologisk oppbygd. Kvart kapittel tar for seg sjølve hendingsgangen og dernest ulike teoriar og årsaksforklaringar. Først får vi ein gjennomgang av den politiske historia fram til 1965, så ein grundigare analyse av dei direkte føresetnadene for massakren, der ein aksjon retta mot seks generalar står sentralt, den såkalla 30. september-rørsla. Desse generalane vart kidnappa og drepne av ei anna gruppe militære natta til 1. oktober 1965. Aksjonen vart slått ned av militære styrkar under leiing av Soeharto same dagen. Ganske raskt vart ansvaret for drapa på generalane lagt på kommunistpartiet i landet, og Soeharto sette i gang ein nasjonal kampanje mot kommunistane som tok sikte på full utrydding. Denne kampanjen utvikla seg i løpet av oktober og tok form av massedrap og massearrestasjonar. Massedrapa varte i om lag eit halvt år, med over ein halv million offer. Samtidig vart fleire hundre tusen arresterte og internerte. Berre nokre få framståande kommunistar og militære frå 30. september-rørsla vart stilte for retten og dømde, stort sett til døden. Fleire hundre tusen vart arresterte utan rettssak fordi dei var knytte til den politiske venstresida, utan at det kunne skaffast gode nok bevis for det dei måtte ha gjort. Dei fleste av desse vart sette fri i løpet av syttiåra. Dei som hadde vore politiske fangar, måtte likevel leve under sterk sosial stigmatisering i mange år etterpå.

Uvisse dødstal

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement