Bok
Glimt inn i tilværet
Novellesamlinga Kart over Canada er ikkje heilstøypt, men veldøypt.
Den danske forfattaren Dorthe Nors slo gjennom internasjonalt i 2015.
Foto: Agnete Schlichtkrull
I Dorthe Nors’ siste novellesamling møter vi eit knippe menneske som prøver å møtast, eller prøver å unngå det. Eller prøver å fortrenge at ein blir nøydd til å møte andre menneske av og til. Eller berre møter seg sjølv i døra. Det er ikkje lett.
pinnedyr og undulatar
I opningsnovella «I et jakttårn» finn vi ein kar i eit jakttårn. Han har vrikka eller brekt foten, han har stukke av frå det kjenslelause monsteret heime, og han speidar etter folk. Dette er ein både tragisk og komisk situasjon. Nors får teksten til å dirre ved å seie mykje med knappe verkemiddel. Mannen tenkjer tilbake på nokre pinnedyr han hadde som liten, og samanliknar kona eller sambuaren med desse: «Nå som han tenker tilbake, lignet de noen som hadde oppnådd full kontroll over sitt eget illusjonsnummer, og det samme har hun klart.»
I «Solens hunder» kjem ein forfattar til ei norsk skrivehytte. Før trefte ho den norske kjærasten sin her, men no er det slutt mellom dei. Ho har leigd seg inn og møter mor hans under opphaldet. Dei utviklar ein relasjon, men mora er heile tida redd for å bli skriven om i ei bok. I denne novella skriv forfattaren – som sjølvsagt ikkje er Dorthe Nors – nettopp om denne kvinna, og dette kastar eit interessant lys over tema som utlevering og forfattarfridom.
Novella «Hygge» blir meir og meir uhyggeleg, der eit eldre ektepar omgir seg med kaffi og kaker, undulat i bur, spørjeprogram og ei blanding av forakt og likesæle. Her finn vi òg den glitrande setninga: «men Baileys smaker av tysk rasteplass og det hjørnet av festen hvor det ikke skjer noe».
Dette var dei tre første novellene, eg er òg svak for «Ved Sydvest stasjon», om to kvinner som er ute og samlar inn pengar til kreftforeininga, og «Langs små asfalterte stier» der ei kvinne står på hovudet for å gjere dei siste dagane til ein døyande mann gode. Eller gjer ho det heller for å få merksemd sjølv?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.