Bok

Gledeleg gjensyn

Jonny Halberg skriv meisterleg om sinte unge menn og gamle mannfolk.

Jonny Halberg har skrive ti romanar, tre novellesamlingar, to filmmanus og ei rekkje artiklar, meldingar og essay.
Jonny Halberg har skrive ti romanar, tre novellesamlingar, to filmmanus og ei rekkje artiklar, meldingar og essay.
Publisert

Jonny Halberg har gitt ut tre novellesamlingar, dei to første på Oktober under namnet Jonny Berg: Overgang til tertiær (1989) og Gå under (1992), den siste på Kolon i 2016: Like nord for kirka. Nyleg kom dei ut som Samlede noveller.

Skitenrealisme er ei sjangernemning som gjerne er knytt til Jonny Halberg og ei rad andre mannlege forfattarar frå 1990-talet. Kyrre Andreassen, Morten Claussen, Per Petterson og Levi Henriksen er blant dei fremste. Det handlar om livet på bygda, her til lands eller i USA, som Morten Claussen dissekerer i Badlands-trilogien (2001–2004). Det typiske for denne sjangeren er det kontante språket, konfrontasjonane, det usentimentale, det maskuline temperamentet i eit samfunn der alt er i forfall, materielt og moralsk, samtidig som persongalleriet målber grunnleggjande verdiar kring rett og urett ut frå den situasjonen dei står i.

Fiktiv austlandsbygd

Hos Halberg er handlinga ofte lagd til den fiktive bygda Enevarg i Innlandet, ein stad som fort kan lokaliserast til Jørstadmoen, der Halberg sjølv voks opp, men det er ikkje så viktig; det finst mange Enevarg rundt omkring i dei indre delane av Austlandet.

Persongalleriet er alt frå barn og ungdom til godt vaksne mannfolk, men alle ber på ei eller anna tapserfaring dei vil gjere opp for, anten ved å vise fingeren, ved å slåst eller ved å knuse eit eller anna, for desse personane er ikkje særleg verbale av seg, men meir utagerande og med behov for å markere revir. Dei er outsiderar og særingar, godt innrøykte og med alkoholproblem, og ingen av dei kjem frå møblerte heimar.

Samtidig forstår dei sin eigen situasjon, dei forstår at dei er fanga i eit mønster og ei livsform dei anten må godta eller prøve å bryte ut av, komme seg bort frå, men same kor rotlause, rastlause og nervøse dei er, blir Enevarg det trygge og stabile med bilvrak, rustne traktorar, samanraste løer og hus som står på skakke. Bli hvis du kan, reis hvis du må er ein kjent romantittel hos Helga Flatland, men dei som prøver å bryte ut, vender fort tilbake hos Halberg, for det er i Enevarg dei høyrer heime.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement