Musikk

Gleda og gullet i ghanesisk highlife

Frå ei enkelt Ghana-reise voks eit av dei mest innflytelsesrike kartleggingsprosjekta i moderne platearkeologi fram.

Publisert Sist oppdatert

Dette er nok ikkje ei allmenn kjensle, men pytt: Nokre av oss har sete i ein bil på veg frå nord til sør i Ghana og høyrt sjåføren spele kassettar med den sørafrikanske reggaeartisten Lucky Dube på repeat, og tenkt at det må finnast noko meir.

Etter ei spontan reise til Ghana tidleg på 2000-talet kom den dedikerte platesamlaren Miles Cleret tilbake med kofferten full av singlar og LP-ar, og ein klar idé. Samlinga Ghana Soundz kom alt i 2002, og deretter har det britiske plateselskapet Soundway vore over heile verda for å finne «bortgløymde» innspelingar og samtidige uttrykk.

Ghana Special Highlife presenterer eit breitt spekter av artistar som på kvar sin måte vidareutvikla highlife, musikk som kombinerer tradisjonelle rytmar, afrokaribiske impulsar og vestlege instrument. Utøvarane eksperimenterer med elektriske gitarar, blåsarar og synkopert perkusjon, noko som gir musikken eit moderne og dansande preg som var med på å definere bylivet i Accra og Kumasi.

Resultatet er eit rikt innblikk i eit musikalsk miljø der kreativiteten var sterk, trass i politisk uro og skiftande økonomiske vilkår.

Dette er ikkje berre eit nostalgisk tilbakeblikk og eit dokument over ei avgjerande tid i ghanesisk musikkhistorie. Det er noko heilt eige og smittande gledeleg. Så har ein musikk til neste gong ein skal køyre frå Tamala til Elmina.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement