Musikk
Gjennomført solid
Wako spelar vakkert, men med tryggingsnett.
Kjetil A. Mulelid, Bardur Reinert Poulsen, Simon Olderskog Albertsen og Martin Myhre Olsen utgjer Wako.
Foto: Wako
Tida flyg. Wako er ti år og markerer milepålen med plate nummer seks. Dei platedebuterte i 2015 med The Good Story og blei med ein gong lagde merke til, men å lytta til debuten sett opp mot Ut av det nye avslører ei fundamental utvikling. Arrangementa og ensemblespelet er så mykje meir raffinerte hjå Wako anno 2022. Det er eit band som har teke store steg på alle musikkens område.
Olsen og Mulelid er huskomponistar hjå Wako. Her deler dei oppdraget med fire låtar kvar, og så smett Poulsen inn med den drøymande balladen «Løgmannabreyt» (eit gatenamn i Tórshavn på Færøyane). Komponistane har lagt sin elsk på balladen, men også innslag av medium tempo, elles er komposisjonane varierte og særmerkte. Arrangementa er detaljrike og formfullenda, utan at dei verkar statiske og polerte.
Wako er flinke til å bruka dynamikken for alt han er verd, og byggja opp intensitet på minimalistisk vis, som i Olsens «Isabella» og den påfølgjande «Pleb Yalu» av Mulelid, der Myhre serverer eit leikent soprankor. Minst like leikent virtuos er han i fire flate på «F & F».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.