Musikk
Gjennomført oppfølgjar
Grønseth balanserer det stramme med det frie og leikne.
Jazz
Anders Lønne Grønseth gav i 2018 ut den første plata med Multiverse, og på oppfølgjaren Outer View er besetninga uendra. På debutplata stod Grønseth for komponeringa. No deler medlemene på jobben. Elles er det trekk ved denne plata som er ei utvikling av debuten. Ad lib-partia er romslege, men elegant integrerte i den musikalske heilskapen.
Grønseth har jobba mykje med det han kallar «bitonalt skalasystem», der han utforskar ulike tilnærmingar til modalitet, til dømes indisk musikk, maqamtradisjonen frå Midtausten og serialismen. På heimesida hans kan ein fordjupa seg i dette, men som han sjølv seier, er lyttarens eiga oppleving av musikken, uansett føresetnad, det som betyr noko. Oppleving av musikk er alt anna enn å identifisera teoretiske byggverk.
Multiverse har lukkast. Dei når lyttaren med raus og inviterande musisering. Både komposisjonane og arrangementa er komplekse, men framføringane er uanstrengde og fylte av leikne sekvensar, som til dømes pianotriosekvensen i Grønseths «Bifokal».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.