Gitar, bass, trommer

Hvitmalt Gjerde er ute med album nummer tre.

Johannes Fjeldstad, Håvard Bakke og Sturla Kverneng er gruppa Hvitmalt Gjerde.
Johannes Fjeldstad, Håvard Bakke og Sturla Kverneng er gruppa Hvitmalt Gjerde.
Publisert

Våken, den nye plata frå Hvitmalt Gjerde, ber med seg ei veritabel friskmelding: Den kontante rockelåten er ved god helse, om nokon der ute skulle tvile. Albumet byr på eit dusin av slaget, nesten alle på rundt tre minutt, alle struttande av energi.

Det har gått overraskande lang tid sidan Hvitmalt Gjerde (2013) og Ville Venner (2014) kom ut, i ein musikkultur der det ofte kan verke viktig å smi medan jarnet er varmt. Kva har skjedd i mellomtida? Eit svar er i alle fall klart med Våken: Vokalist og gitarist Johannes Fjeldstad, bassist Håvard Bakke og trommis Sturla Kverneng har vorte betre musikarar. Dette tredje albumet er vitalt og rett på, men bandet er også tettare og meir velspelt enn nokon gong før.

Rockekraft

Eg tok med meg Våken på tur til heimtraktene. Der gjekk eg gatelangs i ei lita sunnmørsbygd, og musikken eg hadde på øyra, var ikkje ulik den eg lytta til då eg traska rundt der som tenåring, for tre tiår sidan. Rockens særeigne kraft heng saman med ei basal samansetjing av element: gitar, bass, trommer. Uttrykket er tilsynelatande enkelt, med vers og refreng, med tette komp og rivande riff. Og likevel er ikkje musikk som kjemi: Formelen åleine garanterer ingenting.

Eg rundar eit hjørne med Hvitmalt Gjerde i øyra, og tankane mine går til The Strokes i 2001, då bandmedlemmene var tidleg i tjueåra og hadde spelt saman sidan dei møttest som skuleungdomar. Den metalliske vokalen til Johannes Fjeldstad har forgreiningar tilbake i rockehistoria, forbi New York tidleg på 2000-talet tilbake til same by seint på 1960-talet, då ein Lou Reed i midten av tjueåra song på platene til Velvet Underground. Det finst fleire slike årer, og ein kunne jo ha lista dei opp, om det var plass.

Frigjerande

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement