Film

Generasjonsjag

Ein ny runde frå Karate Kid-maskina går unna utan overraskingar, men med glimt av sjarm.

Kung-fu-talentet Li Fong (Ben Wang) blir tvinga til å reise frå Bejing og byrje eit nytt liv i New York saman med mor si.
Publisert Sist oppdatert

Li (Wang) trenar kung-fu under meisteren Herr Han (Chan) i Beijing. No må Li flytte til New York med mora Dr. Fong (Wen), som på grunn av grimme erfaringar vil at sonen skal slutte å slåst.

Li blir kjend med Mia (Stanley). Vennskapen ber bod om noko meir. Far til Mia (Jackson) er ein tidlegare boksar som driv pizzasjappe og skuldar pengar til eigaren av ein karateklubb. Der er førre kjærasten til Mia stjerna, og den guten er ikkje positiv til nykomlingen. Sjølv om Li vil ha fred, lyt han forsvare seg mang ein gong.

Historia hastar av garde med meir slåsting enn den originale The Karate Kid frå 1984. Klippen er forhasta, utan at det er forfriskande som til dømes i Everything Everywhere All at Once frå 2022. Resultatet av effektivitetsjaget er ofte syltynn dialog der mykje kjennest utslite.

Heldigvis er rolla både som innflyttar og jente nyansert samanlikna med åttitalet. Ungdommane Ben Wang og Sadie Stanley er sukkersøte i hovudrollene. Sjarm har dei rikeleg av. Noko rasisme skin gjennom utan at det er tema, eller at skodespelarar har blitt tvinga til overdrivne aksentar, heldigvis.

Vendinga i retning Kina, kung-fu og Jackie Chan sidan 2010-talet følger nok økonomisk makt. Filmbransjen i USA er desperat etter å egle seg innpå den store filmbransjen i Midtens rike. Her er det ingenting som skremmer sensursystemet.

Lydsporet er stappa med populærmusikk medan Li ruslar i nye gater i New York. Byen blir brukt for alt han er verd. Det er så mykje byfetisj filma frå lufta at regissør Jonathan Entwistle stundom tyr til delt lerret for å få dobbel reiselivsreklame. Siste kamp skjer jamvel på eit tak med full skyline. Når generisk dramatisk musikk veltar over oss og filmen slår om til sakte film, slit eg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement