Bok
Gehenna i Tornedalen
Karin Smirnoff er rå når ho skildrar vrangsida av eit nordsvensk bygdemiljø.
Karin Smirnoff har tidlegare arbeidd som fotograf og journalist. Debutromanen hennar vart kåra til årets vaksenbok då bokhandlane delte ut prisar i Sverige i 2018.
Foto: Bonnier Forlag
Vi dro opp med mor er den andre boka i trilogien om Jana Kippo. Bøkene har hatt stor suksess i Sverige, og dei to første er komne på norsk. Dette er beinhard bygderealisme, for ikkje å seie bygdenaturalisme, frå små samfunn nord i Sverige.
Blikket og stemma i bøkene ligg fast hos Jana. Ho og tvillingbroren, Bror, veks opp i ein heim totalt dominert av ein vondskapsfull far som kvar einaste helg drikk seg snydens og denger laus på mor, Bror og husdyra på garden.
Når han blir sliten i armane, snur han seg mot dottera og misbrukar henne seksuelt. Mor læst som ho ikkje ser, ikkje veit, ho lagar mat og broderer bibelvers. Borna nærer med åra eit slikt intenst hat mot faren at dei båe gjer forsøk på å drepe han. Med høygaffel og spade. Smirnoff held ikkje attende på vondskap og brutalitet, men språket er nøkternt.
I den første boka, Jeg dro ned til bror, følgjer vi Jana når ho midt i trettiåra reiser attende til bygda der Bror framleis lever – så vidt, i særs dårleg forfatning. Barndomen deira vert rulla opp i ei mengde grufulle scener. I Vi dro opp med mor får vi vite meir om nettopp mor, om kvifor ho vart som ho vart, når Jana og Bror drar til heimbygda hennar lenger nordaust, i Tornedalen.
Bygdedragen
Det slo meg ikkje før eg las Smirnoffs bøker, at uttrykket «bygdedyret» viser til «dyret» i bibelsk forstand – altså dei beint fram djevelske kreftene som totalt kan dominere intolerante og tronge bygder. I Vi dro opp med mor har bygdedyret est ut til ein eldsprutande drage som held heile bygda i eit totalt og brutalt krampegrep. Tilløp til andre tankar eller måtar å gjere ting på enn dei som er godkjende i frikyrkjelyden som styrer, blir møtt med snerrande mistru og harde sanksjonar. Det minner om IS i sin fanatisme.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.