Gåve i glanspapir Maja Lunde og Lisa Aisato finn julegleda i ei stor sorg.BilettbokMaja Lunde og Lisa Aisato (ill.):
Maja Lunde og Lisa Aisato finn julegleda i ei stor sorg.
Juni feirar jul med familien på ein ny måte dette året.
Illustrasjon: Lisa Aisato
Ein ny juleklassikar, vert det spådd om Snøsøsteren. Som ein adventskalender er forteljinga om Julian delt i 24 kapittel. Julian har bursdag på julaftan, men storesøstera Juni lever ikkje lenger. Korleis kan det bli jul då?
I baksideteksten lovar forlaget at boka vil «trylle frem» stemningar vi kjenner frå Charles Dickens og H.C. Andersen, og at det er ei bok som passar for «juleelskere i alle aldre». Forlaget risikerer å redusere lesaropplevinga med den salsfremjande baksideteksten.
Historia er pakka inn i julepapir, men Maja Lunde brukar jula som eit påskot til å fortelje noko langt viktigare.
Snøsøsteren er ei forteljing om sorg og tap, om venskap og trøyst, om liv og død – ikkje mindre. Visst minner boka om andre tekstar, men ho set lesaren i kontakt med eigne kjensler på ein slik måte at det vert heilt personleg kva assosiasjonar ho gjev.
Boka minner heller om det magiske ved at vi kvar dag får vere blant dei levande saman med våre næraste. Forteljinga gjev også trøyst, om vi treng det. Slik kan ho røre ved alle lesarar som er store nok til å lese eller lytte til teksten, og gjere innhaldet til sitt eige.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.