Film

Gaukereiret

Ein stilrein skrekkfilm frå Irland grev i naturen med eit ekkelt kunstig univers.

Gemma og Tom har ikkje hellet med seg i bustadjakta.
Gemma og Tom har ikkje hellet med seg i bustadjakta.
Publisert

Gemma (Poots) og typen Tom (Eisenberg) skal finne seg ein heim i den grotesk dyre irske bustadmarknaden. Ein stivt smilande eigedomsmeklar tek dei på tur til ein absurd straumlinjeforma forstad. Alt er så karikert at dei må le. Låtten sit snart fast i halsen, når dei slit med å finne vegen ut av den einsformige labyrinten. Tenk å bli fanga i forstaden!

Regissør Lorcan Finnegan etablerer tematikken fint. Gemma lèt borna ho er lærar for, leike at dei er tre, medan Tom syslar som gartnar og gravlegg ein fugleunge som er sparka ut av reiret av ein gauk. Dei levande opningsbileta får fort ein kunstig kontrast. Kva menneskelege trekk kjem naturleg fram i djupt unaturlege omgjevnadar? Ein saknar tidsnok dei tidlege rytmane av rocksteady frå Dandy Livingstone og Desmond Dekker. Tittelen viser at nokon kjem til å vere isolerte og bli eksperimenterte med. Har du nyleg vore innestengd i eit stort sosialt eksperiment, skal du vera glad du ikkje var i eit vivarium. Ein blir fort litt galen. Det er heilt naturleg.

Psykologi

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement