Bok

Garden som hovudperson

Ideen om å følgje ein gard gjennom historia er glitrande, men Store spel handlar meir om personane enn garden.

Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas saman med dottera Guri heime på garden Midtbø.
Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas saman med dottera Guri heime på garden Midtbø.
Publisert Sist oppdatert

Innbindinga, fotografia, designet, trykket, lukta, alt det ytre skapar glede kring boka Store spel. Soga om Vesås i verda, skriven av Arne Vinje og utgjeven på Skald forlag. Her er det ikkje Tarjei Vesaas som er hovudpersonen, men staden der han voks opp, garden Vesås i Vinje i Telemark som har vore i den same slekta i nær 400 år.

Frå 1600-talet av finst det kjelder til å skrive om Vesås. Men diverre klarar ikkje Vinje å plassere garden som objekt i forteljinga. Han nemner tidleg kor mange dyr dei hadde og kva skattar dei betalte, utan å gje lesaren glimt av korkje gardsdrifta eller korleis skatteinnbetalingane skjedde på denne tida. Og i staden for å skildre den tette, digre furuskogen tilhøyrande Vesås puttar han inn ein faktaboks om gran og furu. Slik skuslar Vinje vekk dei openberre høva han har til å gje lesaren eit levande bilete av garden på 1600- og 1700-talet.

Folk

Me skjønar snøgt at det er personane og ikkje eigentleg garden boka handlar om. Til dømes skriv ikkje Vinje om framveksten av husmannsplassane under Vesås, ikkje før det brått bur folk der som han kan skrive biografiske opplysningar om. Dette kunne ha vore interessant nok, men tidleg snik det seg inn ein mistanke om at Vinje ikkje har gjort sjølvstendige arkivgranskingar til boka.

Han peikar ustanseleg mot opplysningane i Rikard Berges bygdesoge frå 1940-talet. Berge er ikkje noko dårleg reisefølgje, men materialet hans er ikkje stort nok til ei soge om berre éin gard. Kanskje er det difor Vinje endar med å skrive side opp og side ned om ymse slektningar på andre gardar og plassar, til dels langt ute i periferien i høve til Vesås-folket, i ein tekst som òg vert for sporadisk, oppstykka og utflytande til å gje noko godt portrett av bygda kring garden.

Utover på 1800-talet klarar Vinje å samle seg om færre personar, og garden kjem betre fram. Det stig også fram eit hovudprosjekt som handlar om korleis folka på Vesås omformar kunstuttrykk frå omverda til noko unikt og eige. Det kunstnarlege samspelet mellom verda, bygda og garden byggjer opp mot det me veit må bli eit hovudtema i boka. Eg beint fram gler meg til å lese om korleis livet på garden forma den unge Tarjei Vesaas. Men då Vinje kjem til denne perioden i gardshistoria, trur eg knapt det eg les: «Sonen Olav Vesaas har både grundig og levande skildra oppveksten til denne guten som skulle bli ein av dei største norske forfattarane i nyare tid, og her skal ingen ting leggjast til eller trekkjast frå den framstillinga.» Er det mogleg? Boka fortel på baksida at ho skal granske korleis fjellbygda kunne fostre ein slik forfattar. Men sjølve oppveksten til Tarjei på garden er altså ikkje teke med. At sonen til Tarjei Vesaas har skrive om faren, burde berre ha vore eit glimrande utgangspunkt for Vinje. Men nei, han vil korkje leggje til eller trekkje frå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement