Garborg og JesusGudleiv Bø gjev oss skarpskodde lesingar av Garborgs eigne tekstar.SakprosaGudleiv Bø:
Gudleiv Bø gjev oss skarpskodde lesingar av Garborgs eigne tekstar.
Det finst bøker som fangar meg inn, ikkje fordi dei er høgrøysta, språkleg nyskapande eller retorisk utspekulerte, men fordi dei ber merke av at forfattaren kjenner stoffet sitt til botnar etter eit livslangt samliv med det. Jesus frå Jæren er ei slik bok. Gudleiv Bø skriv om Garborg med ein autoritet bygd på eit langt forskarlivs nærlesingar og syntesar. Og han skriv om eit emne som har oppteke mange: Garborgs kompliserte og skiftande forhold til kyrkje, kristendom og religion.
Den sentrale delen av boka handlar om Jesus Messias (1906), eit skrift som først i seinare år har fått tilbørleg merksemd. I denne boka introduserte Garborg eit norsk publikum for Jesu liv-forskinga, eit prosjekt som hadde engasjert kritiske bibelforskarar på kontinentet i meir enn hundre år. Hos oss er nok feltet best kjent under overskrifta «den historiske Jesus», tittelen på Jacob Jervells bok frå 1962. Gjennom kritisk gransking av kjeldene med allmenne historiske metodar søkte ein etter eit meir autentisk Jesus-bilde, reinska for seinare dogmedanning og kyrkjeleg tradisjon.
Før vi kjem hit, har Bø i ein like lang innleiande del teke oss gjennom dei mange tidlegare tekstane der Garborg tek opp religiøs tematikk. Han går i dialog med den katolske teologen Finn Thorn (Arne Garborg og kristendommen: Brytninger mellom tro og tvil, 1972) og filosofen Jon Hellesnes (Meining? Religionskritikk og filosofi hos Nietzsche og Garborg, 2014).
Skarpskodd lesing
Men først og fremst gir Bø eigne skarpskodde lesingar av Garborgs eigne tekstar, både sakprosa og fiksjonslitteratur. I korte og konsise kapittel skildrar han Garborgs utprøvingar i tekst av skiftande posisjonar. Han gjer greie for ulike intellektuelle impulsar, frå Kierkegaard og Bjørnson til Tolstoj, men eg saknar nokre ord om påverknaden frå Nietzsche, som ikkje minst Hellesnes har påvist. Det biografiske elementet, den ulukkelege lagnaden til faren, får mindre plass hos Bø enn i andre framstillingar; her er det tekstane som er i fokus.
I del II går tempoet ned, no handlar det om nærlesing av Jesus Messias. Garborg avviser alle overnaturlege innslag i evangelia. Paulus står lågt i kurs, det same gjeld tankar om arvesynd og soning. Jesus er folkelærar og profet, meir enn messiansk aktør. «Jesus tok feil på det eskatologiske området, det som hadde med endetida og det hinsidige å gjere, men hadde rett på det moralske», oppsummerer Bø (s. 89). Endetidsforkynninga hans var altså eit mistak, men det moralske imperativet, særleg nestekjærleiksbodet, er av varig verdi og noko å byggje eit livssyn og ein samfunnsmoral på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.