Musikk

Gamle og nye skuggar

Bob Dylans nettstrøymde konsertfilm frå 2021 kjem ut på plate.

Å finne nye konsertbilete av Bob Dylan er ikkje lett. Difor eit utsnitt frå omslaget til det nye albumet.
Å finne nye konsertbilete av Bob Dylan er ikkje lett. Difor eit utsnitt frå omslaget til det nye albumet.
Publisert

Då eg høyrde Bob Dylan i ein gammal, staseleg kino i Paris i fjor haust, gjorde ei nostalgisk kjensle av takksemd seg gjeldande, og den kjensla berre voks i løpet av dei sytten songane det varte: Tenk at eg skulle få høyre denne artisten, som har hatt så enormt mykje å seie for meg, endå ein gong, og i storform, med eit framifrå, relativt ferskt album (Rough and Rowdy Ways, 2020) i bagasjen attpåtil, summa det i meg der eg sat.

Det verka ikkje openbert sommaren før, då eg hadde benka meg ein julikveld på sørlandshytta for å få med meg Shadow Kingdom, den virtuelle konsertfilmen i svartkvitt som er ute på plate om nokre dagar (og i skjermutgåve litt etterpå). Dylan, som lèt til å vere avhengig av å turnere for å kunne leve, hadde på det tidspunktet ikkje stått på ein scene sidan 8. desember 2019. Pandemien hadde kasta sine skuggar på konsertverksemda, og eg var ikkje åleine om å lure på om vi nokon gong kom til å sjå han igjen.

Nytt band

Heldigvis hadde artisten og folka rundt han bestemt seg for å gjere noko heilt spesielt med Shadow Kingdom, i staden for berre å filme ei liveframføring av det nyaste materialet. Regissør Alma Har’el inviterte oss inn i noko som skulle emulere ein røykfull, folksam fransk klubb frå ei anna tid, til eit spel i lys og skuggar i beste noir-stil, med lunefulle, overrumplande tolkingar av songar som til dels hadde lege urørte lenge.

Bandet var nytt, med folk som Buck Meek (Big Thief) og Shahzad Ismaily på plass, i ei mima framføring av førehandsinnspelt materiale (som fleire kjelder på nettet vil ha det til vart laga av andre musikarar enn dei vi ser i filmen, inkludert Greg Leisz og Don Was, i Los Angeles). Kor som er, alt var smakfullt og høveleg cinematisk utført, og altså ikkje heilt utan eit slør av mystikk. Kva var dette? Kva skulle skje vidare?

Det veit vi meir om no. Dylan fylte 82 for eit par dagar sidan og er tilbake på sin evigvarande turné, som om litt fører han tilbake til det sørlege Europa. Dylan-senteret ved universitetet i Tulsa, som opna sine omfattande samlingar i fjor vår, arrangerer neste veke «The World of Bob Dylan 2023», som samlar forskarar, kritikarar og musikarar i eit heilt fabelaktig program. Skodespelaryndlingen Timothée Chalamet skal spele artisten i spelefilmen Complete Unknown, som snart skal inn i produksjon. Det kokar på alle plater i Dylan-kjøkkenet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement