Bok

Gamle mytar på ny

Johann Grip handsamar dei greske og romerske mytane elegant og finurleg.

Johann Grip er forfattar og gjendiktar.
Publisert Sist oppdatert

Antikken er ei uuttømmeleg kjelde til inspirasjon for forfattarar og kunstnarar, i dag som i går. På fleire måtar er dei greske og romerske mytane enno friske og unge, særleg om dei vert handsama så elegant og finurleg som Johann Grip gjer det i Orfeudike.

Her skjer det eit interessant spel med den velkjende myten om songaren Orfevs og kona Evrydike. Ho vart biten av ein orm og døydde, og Orfevs var utrøysteleg. Difor gjekk han ned i Helheimen og bad sårt for livet hennar, og lukkast med det. Men eitt krav vart stilt, som det gjerne vert gjort i mytane: Han skulle ikkje snu seg og sjå på ho før dei var komne opp i dagsljoset att. Men Orfevs makta ikkje å halda seg: Rett før dei var oppe, snudde han seg, og då fekk han sjå at Evrydike kvarv ned i mørkeret att, for alltid.

Kortform

Truleg er tittelen Orfeudike knytt til dei uløyselege banda mellom dei to elskande, og det tragiske i den endelause kjærleiken deira. Dei er to i eitt: «Trå forsiktig./ Du om noen/ burde vite: Døden er/ en deilig rus». For dikt er òg song, slik Orfevs var skald og songar, og det musiske har alltid vore ein del av poesien, jamvel om dikta til Grip meir nærmar seg atonaliteten, dissonansen, klagesongen.

Kortforma Johann Grip nyttar, gjev dikta ein stakkato rytme, med mange pausar og brot, og har eit ytre slektskap med Anton Weberns strengt nedstrippa, atonale musikk utan ornament og utsmykking. Då må dei einskilde orda bera enda tyngre bører, og det maktar dei ikkje alltid. Det vert litt for spinkelt nokre gonger, på grensa til det gnomiske.

Mytekritikk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement