Bok

Gamle heltar blir som nye

Jørn S. Jamtli er nominert til U-prisen for røvarhistoria frå krigsåra.
Jørn S. Jamtli er nominert til U-prisen for røvarhistoria frå krigsåra.
Publisert Sist oppdatert

Sabotør er solodebuten til Jørn S. Jamtli som teikneserieskapar. Albumet er nyleg nominert til Uprisen. Hundrevis av norske ungdommar er involverte i prosessen. Nominasjonen er ei påskjøning frå målgruppa.

Undertittelen En røverhistorie fra krigsårene varslar ei kreativ tilnærming til dei historiske hendingane. Noko er sant, noko er ikkje fullt så sant. Sabotør legg vekt på å underhalde, men Jamtli har mykje på hjartet.

Teiknestilen verkar inspirert av fransk-belgiske album som Asterix og Sprint. Alle har stort hovud, store nasar og store, runde auge. Figurane er karikerte også i språket, fleire av personane har replikkar på dialekt og tyskarane beheld z-ane når dei znakkar norzk.

Frå fjellhyllene ser kvitkledde motstandsmenn tyske krigsskip segle inn fjorden til Narvik i 1940. Johan, som er inspirert av bestefar til Jamtli, er helten i historia. Han vert tatt til fange og send til Falstad. Her blir han rekruttert til sabotasjearbeid i Osvald-gruppa.

Osvald-gruppa var leia av kommunisten Asbjørn Sunde. Gruppa var langt meir aktiv enn til dømes Milorg. Etter krigen fekk dei inga ære eller utmerkingar, mykje på grunn av tilknytinga til Sovjet. Jamtli gjev sabotørane heltestatus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement