Musikk
Gamalt nytt på nytt
The Prodigy tråkkar opp sine eigne spor i utgåtte danseskor.
Den førre plata til det pønkete, britiske raveorkesteret The Prodigy, The Day Is My Enemy anno 2015, var eg sånn cirka høveleg nøgd med. No, når det sjuande albumet deira er ute, kan ein undre seg over om teknopionerane har gått heilt tom for idear i sitt tjueåttande år.
Plata byd frå første stund på høglydt, hardtslåande og dramatisk rockeravemusikk, slik ein kan vente seg frå The Prodigy. Men etter kvart blir det openbert at bandet her resirkulerer sin eigen stil på heller monotont vis. Til og med musikkvideoen til opningssporet «Need Some1» følgjer oppskrifta til mange av bandvideoane frå 90-åra, med ein stressa ung herremann i ein stressande situasjon og påfølgjande konsertsetting der eit band med standard rockebesetning mimar til The Prodigys elektroniske musikk, omgjeven av utagerande dansarar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.