Musikk
Gamal røyst for nye tider
Mavis Staples viser kvifor ho er eit ikon.
Mavis Staples, bak eit bord, ein stad ho ikkje høyrer heime.
Foto: Elizabeth De La Piedra
Den varme og kraftige røysta til Mavis Staples har funnest på jorda så lenge at knapt eit levande menneske kjenner ei verd utan ho. Elvis var fire og eit halvt då ho vart fødd. Andre verdskrig hadde ikkje begynt. Bob Dylan var ikkje påtenkt. Musikkarrieren starta med familien som The Staple Singers, i nabokyrkjene tidleg på 1950-talet. Gjennombrotet kom i 1956 og gav familiegruppa tilnamnet «Guds største hitmakarar».
På midten av 1960-talet vart The Staple Singers, inspirert av eit nært venskap med Martin Luther King jr., dei åndelege og musikalske stemmene til borgarrettsrørsla. Dei tolka samtidige hits med bodskap om håp og rettferd, mellom anna frå Buffalo Springfield og Bob Dylan. Sistnemnde hadde Mavis i si tid eit romantisk forhold til, men ho sa nei då han fridde. Ja, han fridde. Ho sa nei.
Det gjer ho framleis. Seier nei. Ikkje til Dylan, han fann seg andre koner, men til urett og undertrykking. Og ho har ikkje gjeve opp trua på at det kan hjelpe med song.
Gjennom livet har 86-åringen vore ei sentral røyst i den amerikanske borgarrettsrørsla og lenge nytta musikken til å fremje bodskap om håp, rettferd og fellesskap. Noko som absolutt trengst no for tida. Saman med produsenten Brad Cook, ein kar med tilsvarande røynsle frå mellom anna Bon Iver og Waxahatchee, plukkar ho litt annleis i den store songkatalogen enn tidlegare. Ho har som kjent tre plater med Jeff Tweedy i same rolle, men han skreiv òg låtane. Her ser ein utover.
Spanande smak
Saman viser Staples og Cook ein spanande smak, både i låtval og støttespelarar. Ho startar med heimstaden Chicago, gjennom Tom Waits-låten med same namn. Ein låt om å tru på betre tider ein annan stad. Leonard Cohens «Anthem», den om at det finst ei glipe i alt, og at det er slik lyset slepper inn, vert tolka akkurat så nytt at ein knapt kjenner igjen songen, før den linja sig inn. Eller kanskje det berre er at ein aldri har høyrt låten med ein vokalist som held tonane så bra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.