JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Gælisk heltedikt på norsk

Ivar Havnevik har gjendikta eit omdiskutert verk på ein original måte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utsnitt frå eit målarstykke av James Macpherson (1736–1796), måla av George  Romney (1734–1802).

Foto: Wikipedia

2618
20200131
2618
20200131

DIKT

James Macpherson
(Ossian):

Fingal

Gjendikta av Ivar Havnevik
Solum Bokvennen 2019

Heltediktet Fingal er eit verk som vart viktig i den gryande romantikken og inspirerte til innsamlinga av munnlege overleverte songar og soger i Europa. Verket har ei diskutabel oppkomsthistorie og ei spennande verknadshistorie som gjendiktaren Ivar Havnevik greier ut om i eit grundig føreord.

Heltediktet vart omsett frå gælisk til engelsk av James Macpherson og kom ut i 1761. Det skal ha bygd på innsamla munnleg overleverte songar. Men mykje talar for at Macpherson nok òg var ein svært aktiv og skapande redaktør når han la dette stoffet til rette, der mellom anna tydelege inspirasjonar frå stilen til Homer skin gjennom. Slik er det ikkje lett å avgjere kor autentisk Fingal er, og om verket høyrer heime i kunst- eller folkediktinga.

Invasjon

I Fingal vert eit kongerike invadert av ein fiendehær som først sigrar. Men kongeriket får hjelp frå allierte, med Fingal som hærførar og konge. I dei seks bolkane som utgjer det episke diktet, bølgjer slaget att og fram medan andre episodar, fortid og kjærleiksliv vert rulla ut. Ossian er skald og son av Fingal, og han er den som fører ordet. I Fingal døyr folk både i glede og sorg, men for underteikna er det den dystre, nærast gotisk framstilte naturen som grip.

Verket fekk ei omfattande verknadshistorie. Det vart omsett og diskutert fordi det representerte noko nytt, det var råare og meir direkte i uttrykket i høve til den strenge forma som rådde grunnen. Ossian-diktinga har ein sentral plass i til dømes Johann Wolfgang von Goethes Unge Werthers lidelser. I norsk samanheng finst det spor etter Ossian hos Henrik Wergeland, som mellom anna nytta pseudonymet Siful Sifadda, namnet på stridshesten til Fingal.

God gjendikting

Problemet med Ossian-diktinga er rolla til Macpherson. Ingen hadde sett det gæliske originalmaterialet. Seinare forsking, skriv Havnevik, har synt at Macphersons arbeid likevel var i tråd med den gæliske folkediktinga. Havnevik nemner òg at det finske folkediktet Kalevala er sterkt tilrettelagd og byggjer på same metode som Ossian-diktinga.

Havnevik har laga ei original og god gjendikting. Den engelske teksten er sett opp som prosa, men Havnevik har valt frie vers i gjendiktinga si. Det er eit godt val fordi dei rytmiske og biletmessige kvalitetane ved teksten vert så mykje tydelegare.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ivar Havnevik har valt frie vers i gjendiktinga si. Det er eit godt val.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis