Gælisk heltedikt på norsk
Ivar Havnevik har gjendikta eit omdiskutert verk på ein original måte.
Utsnitt frå eit målarstykke av James Macpherson (1736–1796), måla av George Romney (1734–1802).
Foto: Wikipedia
Heltediktet Fingal er eit verk som vart viktig i den gryande romantikken og inspirerte til innsamlinga av munnlege overleverte songar og soger i Europa. Verket har ei diskutabel oppkomsthistorie og ei spennande verknadshistorie som gjendiktaren Ivar Havnevik greier ut om i eit grundig føreord.
Heltediktet vart omsett frå gælisk til engelsk av James Macpherson og kom ut i 1761. Det skal ha bygd på innsamla munnleg overleverte songar. Men mykje talar for at Macpherson nok òg var ein svært aktiv og skapande redaktør når han la dette stoffet til rette, der mellom anna tydelege inspirasjonar frå stilen til Homer skin gjennom. Slik er det ikkje lett å avgjere kor autentisk Fingal er, og om verket høyrer heime i kunst- eller folkediktinga.
Invasjon
I Fingal vert eit kongerike invadert av ein fiendehær som først sigrar. Men kongeriket får hjelp frå allierte, med Fingal som hærførar og konge. I dei seks bolkane som utgjer det episke diktet, bølgjer slaget att og fram medan andre episodar, fortid og kjærleiksliv vert rulla ut. Ossian er skald og son av Fingal, og han er den som fører ordet. I Fingal døyr folk både i glede og sorg, men for underteikna er det den dystre, nærast gotisk framstilte naturen som grip.
Verket fekk ei omfattande verknadshistorie. Det vart omsett og diskutert fordi det representerte noko nytt, det var råare og meir direkte i uttrykket i høve til den strenge forma som rådde grunnen. Ossian-diktinga har ein sentral plass i til dømes Johann Wolfgang von Goethes Unge Werthers lidelser. I norsk samanheng finst det spor etter Ossian hos Henrik Wergeland, som mellom anna nytta pseudonymet Siful Sifadda, namnet på stridshesten til Fingal.
God gjendikting
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.