Musikk
Fyrsteleg
Nederlandske Ton Koopman dirigerer barokkorkesteret sitt i Nikolaikyrkja i Leipzig.
Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig
Ein merkar ikkje på musiseringa til Ton Koopman at han no har runda dei 80. Den kvikke måten å dirigera på, med kvasse aksentar i høge tempo, verka beint fram ungdommeleg under konserten i Nikolaikyrkja førre fredagskvelden. Ikkje sjeldan måtte tenorsolisten kasta etter pusten, og bass-solisten laut jamvel svelgja ein og annan sluttkonsonant.
Festivalmottoet «transformasjon» blei her innfridd ved at repertoaret inneheldt Bachs omarbeidingar av eigne verk, nemleg verdslege kantatar som han – ved å setja ny, religiøs tekst til tonane – omskapte til kyrkjemusikk.
Og det dreier seg ikkje som kva helst kyrkjemusikk: Den berømte opningskantaten i «Juleoratoriet», Jauchzet, frohlocket, er så «julete» me får det – det er som om eit klangteppe blir rive til sides og opnar høgtida med trommekvervlar, fløytekvitter, trompetstøytar og obotrillar. Men både denne musikken, og den til juleoratoriets «signatur-arie», «Bereite dich, Zion», henta Bach i røynda frå verdslege hyllingskantatar mynta på medlemer av det saksiske fyrstehuset. Mellom desse finn me gratulasjonskantaten som på norsk heiter «Lovsyng lukka di, signa Sachsen», komponert i høve kurfyrst Friedrich August IIs Leipzig-tur i 1734.
Konsertens sidestilling av Bachs verdslege originalar med dei kyrkjelege omarbeidingane fekk fram eit hovudkjenneteikn ved barokkmusikken: Dei arketypiske stemningane som blir uttrykte, høver like godt til fyrstens fødselsdag som til himmelfyrstens fødsel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.