Musikk

Fyrsteleg jul

Korsatsane har schwung når Gardiner dirigerer Bachs julekantatar.

Hyrdingane tilber Jesusbarnet. Måleri frå kring 1650 av nederlendaren Matthias Stom.
Hyrdingane tilber Jesusbarnet. Måleri frå kring 1650 av nederlendaren Matthias Stom.
Publisert

Kantate 63, Christen, ätzet diesen Tag, er ein av dei mest storfelte kyrkjekantatane Johann Sebastian Bach (1685–1750) komponerte. Verket er mynta på fyrste juledag (kan hende den i 1714) og krev – i tillegg til blandakor, solistar og dei obligatoriske strykarane – tre oboar og heile fire trompetar og paukar.

Fire trompetar er dobbelt så mange som vanleg i slik kyrkjemusikk. Men så var det då òg ein dobbel fødselsdag som skulle markerast. Bachs arbeidsgjevar på den tid, hertug Johann Ernst IV av Sachsen-Weimar, hadde nemleg åremålsdag 25. desember. Difor var det fødselen til både ein himmelsk og ein verdsleg fyrste som skulle feirast.

Ikkje daudtid

Julekantatane på dette albumet frå 2000, der Bach-eksperten John Eliot Gardiner dirigerer The Monteverdi Choir og English Baroque Soloists, er alle storfelte, kvar på sitt vis. Men på eitt punkt skil dei seg frå typisk barokk julemusikk: Ingen av verka har såkalla pastoralar, altså rolege satsar som skal minna om musikken til hyrdingane og englane på Betlehemsmarka. Slik pastoralmusikk er kjenneteikna av ukompliserte harmoniar, voggande rytmar og instrument som obo og fløyter.

Korsatsen som opnar Christen, ätzet diesen Tag kunne ikkje vore meir annleis. Festen opnar med eit paukeslag, før trompetane og oboane tek til å tevla med fanfarane sine. Kvar gong dei har små pausar – blåsarar må jo trekkja luft – er fiolinane på pletten og fyller tomrommet med kvikke tiradar. Dette er typisk Bach. Daudtid finst ikkje i musikken hans, for kvar gong éi stemme tagnar, tek ei anna over.

Fosterhopp

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement