Fyrst med å koma sist

Hillary kjem ikkje med noko nytt, men går djupt nok til at ein skjønar kvifor ho ikkje kunne lukkast til slutt.

Hillary Clinton fotografert i januar i år.
Hillary Clinton fotografert i januar i år.
Publisert

Kvar kom ho frå, og kva skjedde på vegen fram til eit valnederlag som vart historisk i den forstand at det var fyrste gong ei kvinne såg ut til å kunna verta president i USA?

Liketil

Av og til er det særs tilfredsstillande å sjå ein streit miniserie der ein har gjort strålande arkivleiting og interessant klipping. Sjølv om eg kjenner utkoma, er Hillary såpass snedig samansett at eg sit til siste slutt og nærast heiar på henne. Om du politisk sett står langt til høgre, vil du ha lite utbyte av å sjå denne dokumentaren, for han er verkeleg i hennar favør. Og lite er meir irriterande for motstandarar enn å sjå balanserte, grundige framstillingar med truverdige kjelder og tidsvitne som dannar eit samansett bilete av, i dette tilfellet, eit levande symbol på både reell kvinnekamp og venstreorienterte verdiar. Sett med mine norske auge vert ikkje dei opplagde kapitalistiske sidene hennar framheva nok, og dei opplagde angrepa hennar på kjæledeggesosialisten Bernie Sanders verkar noko umotivert, som eit personangrep meir enn sakleg usemje. Men så er filmen amerikansk, så berre det å vera demokrat vert sett på som venstrevridd der i huset.

Ettermælet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement