Kunst

Fylt til randa

Gjennom 40 år har Leonard Rickhard (f. 1945) ikkje berre markert seg som ein av våre fremste kunstnarar, han har også brei appell.

«I ettermiddagslyset», 2015–16, frå Astrup Fearnley Samlingen.
«I ettermiddagslyset», 2015–16, frå Astrup Fearnley Samlingen.
Publisert

Gjennom åra har arendalskunstnaren Rickhard hatt omfattande utstillingar ved dei største institusjonane i landet, mellom anna som festspelutstillar i Bergen (2009) og i ei stormønstring ved ARoS – Århus Kunstmuseum (2016). Han er også kjend for uredde meiningar om kunsten, eg skulle gjerne sett fleire som var like dristige og samstundes velformulerte i kunstdebattane.

Frå golv til tak

No har han fylt heile andre etasje i Trondheim Kunstmuseum med teikningar og måleri på storleik med to handflater, så vel som måleri i format som strekker seg frå golv til tak. Dei største bilda er monterte i dei tjukkaste rammene eg har sett – trekonstruksjonar som stikk nær ein halvmeter ut frå veggen, såleis dannar dei noko som kjem nær den skulpturale forma til altartavler.

Utstillinga inneheld arbeid frå 90-talet til i dag og viser at han held seg trufast til den stilen og det uttrykket han utvikla på 80-talet, då han slo igjennom for fullt. Fleire av dei nyare arbeida har rett nok innslag av collage; små detaljar av bilda er pusla inn i heilskapen, noko som skaper ein elegant relieffverknad.

Her er også stilt ut ein heil vegg av skisser til måleria. Rickhard er ein god teiknar, og arbeida fungerer godt på eiga hand. Det er spennande å fordjupe seg i dette frodige og rikt varierte mylderet av små arbeid.

Uro

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement