Bok
Fylt av Tom
Av og til har bøker ein rikdom som smittar. Eg kjenner meg steinrik.
Runar Dahle debuterte med ei novellesamling i 2010.
Foto: Rolf M. Aagaard
Då eg var lita, hadde eg ein fantasifigur som heitte Jon i skogen. Han var oppkalla etter Jon Skolmen, min barne-TV-helt. Det var Jon i skogen som fekk skulda når eg hadde gjort noko gale. Til gjengjeld delte eg laurdagsgodtet mitt med han.
Christine i Runar Dahles roman Tom. Den andre viljen har ein litt skumlare fantasiven, som heiter, ja, Tom. Noko skjer når ho fyller sju, og det har med denne fantasivenen å gjere: ho sluttar nærmast å snakke, går inn i seg sjølv. Faren Philip ser ikkje ut til å legge så mykje i det, heller ikkje terapeuten Sanna hos ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), dei meiner Tom kan vere ein slags sparringpartnar for Christine, eit steg i utviklinga. Mora Camilla er djupt bekymra.
Parallelt, i annakvart kapittel, følger vi ei psykiatrihistorie frå ulike behandlingsanstaltar i Noreg frå 1902 og framover til vår tid. Kva for retningar etablerte seg, kva for behandlingstilbod såg ein til kvar tid som eigna for psykisk sjuke menneske? Til sist går dei to spora saman på svært interessant vis.
Grenselandet
Det høyrest så klinisk og konkret ut, dette med psykiatrihistoria. Men det er ei ramme rundt ein roman som snart kjennest overnaturleg, eller i alle fall lokkande uoversiktleg. Camilla ser folk i vindauge som ikkje er der, og fleire dokker kjem inn på scena og opptrer som dei groteske «vesena» dei kan vere for eksempel i påskekrimmar som Malstrøm, som kom omtrent på Jon Skolmens tid.
Kontrasten mørke–lys er gjennomgåande i komposisjonen. Handlinga i notid er lagd til 2029, klimaforandringane har fått sterkare grep, og det er unormalt varmt. Camilla jobbar i ein dyrehage, og dyra rømmer, trass i ei «vasstett» elektronisk innhegning. Det er mykje uhygge i sving. Midt i dette står altså Christine, heilt utilnærmeleg, og skaper si eiga uhygge.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.