Bok

Fulltreffar på første forsøk

Maiken Nylund skriv i augehøgd med barnet på Lindgrens vis.

Publisert

Delt bustad er kvardagen for mange born. Institutt for samfunnsforsking har nyleg levert ein rapport der 35 born er intervjua om livssituasjonen sin etter ei skilsmisse. Borna fortel at dei ynskjer seg fleksible, lydhøyre foreldre som ikkje brukar ungane som sendebod, men snakkar venleg med kvarandre.

Maiken Nylund debuterer med ein barneroman som tek tiåringens perspektiv i ein slik situasjon. Rikka saknar pappa og vil vere meir saman med han, men ikkje denne helga. Det er knute på tråden mellom Rikka og bestevenninna Lise. Dersom ho må dra til pappa no, kjem Lise til å finne seg andre vener.

Mamma forstår ikkje. Rikka må reise.

Alle er snille og vil det beste, men Rikka kjenner seg «midt mellom alt». Ingenting er slik det var, anna enn hjå farmor. Farmor forstår.

Hovudbodskapen er skriven i augehøgd med barnet, frå ein tiåring til ein annan: Sei ifrå, still krav, men be om unnskyldning om det trengst. Til mor eller far gjev boka klar beskjed: Barnets beste skal gjelde. Til besteforeldre finst ein annan bodskap: Bland deg og bry deg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement