Teater

Fullt trøkk med seingotisk roman

Brontë-dramatiseringa har stor kraft, men saknar litt dynamikk.

Ravdeep Singh Bajwa i rolla som Heathcliff og Emma Bones i rolla som Catherine.
Ravdeep Singh Bajwa i rolla som Heathcliff og Emma Bones i rolla som Catherine.
Publisert

Romanen Stormfulle høyder har i 175 år fengsla lesarar verda over med sitt underlege kjærleiksspetakkel og skildringar av egoistiske, usympatiske og til dels demoniske personar. Det er menneske vi vert fascinerte av, anten vi vil eller ikkje. Riksteatret reiser no med ein sceneversjon av første delen av romanen, som kan lesast som ei sjølvstendig historie.

Det er sjølvsagt umogleg, nærast, å gjenskape eit miljø av viltert, vêrhardt haug- og heilandskap på ei scene. I romanen er dette uregjerlege høglandet ein sjølvforklårande bakgrunn for sinn og åtferd. Riksteatret har valt eit moderne visuelt uttrykk ein kan assosiere til både westernfilm og sirkus, med outrerte kostyme, hattar og effektar. Skodespelarane vekslar mellom tradisjonelt spel og forteljarteater, i sistnemnde kategori går dei inn i eit ikkje-realistisk kroppsspråk i langsam kino.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement