Musikk

Fullspektrums popsongdagbok

Dirt Femme er ei kjenslemessig berg-og-dal-bane som gir magesug, bakoversveis og gåsehud.

Tove Lo minner oss på kva popmusikk kan vere og gjere, skriv Rasmus Hungnes.
Tove Lo minner oss på kva popmusikk kan vere og gjere, skriv Rasmus Hungnes.
Publisert

Tove Lo har blitt kalla «Sveriges mørkaste pop-eksportartikkel» av Rolling Stone, og hennar femte album er ei påminning om kva popmusikk kan vere og gjere: Musikken er ultrafengjande og songbar, med eit rått, personleg uttrykk, og Dirt Femme dekkjer breidda i det emosjonelle spekteret så det ljomar mellom dei høgaste toppar og djupaste dalar i sjelslivet.

Musikken er fengjande og ofte svært dansbar, medan «balladane», der Lo briljerer med si fulle stemmeprakt over meir flytande, reint ekspressive arrangement, er til å bli slått i bakken av. Når ein lyttar til (eller ser – albumet har ein tilhøyrande film som kan søkjast opp på YouTube) Dirt Femme, skal det godt gjerast å unngå kjensla av at det ein høyrer på, er ei lyddagbok skriven i tydeleg, men særprega og ekspressiv handskrift. Dette er heilproff, elektronisk pop prega av massiv menneskelegdom.

«True Romance» er ein djup, mordarisk ballade oppkalla etter filmen frå 1993, og Los antrekk i den tilhøyrande videoscena speler på den kvinnelege hovudpersonens turkise og flekkete kuskinnklede. Låten som følgjer, «Grapefruit», tek tak i det å ikkje like lekamen ein ser i spegelen, og den frittståande musikkvideoen til songen utfordrar kroppsideala vi blir mentalt tvangsfôra med av reklame, rask moteindustri og alskens institusjonar som tener på objektivisering av menneskekroppen på effektivt vis. Det skulle ikkje vore naudsynt (alle er vakre), men det totale kroppsbiletekomplekset ser dessverre ut til å vere verre enn nokosinne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement