Full måne, tomme armar

Dylan riv Sinatra-klassikarane laus frå stordomen som omgir dei, og gjer dei nye.

Publisert Sist oppdatert

Rock

Bob Dylan:

Shadows In The Night

Sony

Kva er det Bob Dylan, no syttitre år gammal, myser mot på omslaget til det nye albumet Shadows In The Night? Sei det. Lyttar du til songane på plata, er det i alle fall lett å tenkje at det er innover han ser, innover og bakover mot noko blikket ikkje kan fange. Ein kontemplativ positur, og det hjå ein Dylan som nærast verkar plassert bak eit gitter. Slik er det kanskje omslagsdesignar Geoff Gans har håpa vi skulle tenkje også. Stilistisk framkallar coveret assosiasjonar til farne epokar i historia til populærmusikken, då komponistane som Dylan tolkar på Shadows In The Night – Irving Berlin, Rodgers & Hammerstein, Tom Adair og Matt Dennis og Jimmy McHugh, for å nemne nokre – levde og laga desse songane, som alle har det til felles at mange vil knyte dei til tolkingane til Frank Sinatra. Og akkurat det var det mange som vart forbløffa over då media først tok til å nemne Shadows In The Night i fjor. Skulle Dylan syngje Sinatra? Etter å ha lytta til plata er det alt anna enn overraskande. Utgivinga passar godt inn i Dylans produksjon, både med omsyn til filosofien bak, tilnærminga og det stilistiske uttrykket.

Songane er ikkje mellom dei mest ikoniske til Sinatra. Dette har gjort Dylan i stand til på eit vis å lage dei på nytt – til å rive dei laus frå den stordomen som omgir dei, og gjere dei til noko nytt, noko meir dempa, enkelt og sårleg. Storbandet til Sinatra er bytt ut med fem musikarar Dylan har spela mykje med gjennom åra, og som til kvar ei tid veit kvar han vil, mellom dei Tony Garnier på bass og Charlie Sexton på gitar. Innspelinga gjekk føre seg i eit lite Capitol Records-studio i Los Angeles, og Al Schmitt, som hadde ansvaret for opptaka, vart særs viktig for korleis dei fór fram. Musikarane stod tett rundt Dylan. Alt vart spela inn der og då, med eit par–tre opptak av kvar song. Dette gir Shadows In The Night eit særleg menneskeleg preg, endåtil eit feilbarleg preg. Dylan syng finare enn han har gjort på ei stund, men han syng no med den røysta han har, og det er nett det som demonstrerer kor levedyktige desse songane er, og for ei omstillingsevne dei er utstyrde med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement