Bok

Fuglane veit kva fuglane veit

Vidar Sundstøl skriv nydeleg om veksande sorg og langsamt tap.

Vidar Sundstøl debuterte som forfattar i 2005 og har skrive ei rekkje bøker.
Vidar Sundstøl debuterte som forfattar i 2005 og har skrive ei rekkje bøker.
Publisert

Laurdag 27. januar var eg, som vanleg siste helga i januar, med i hagefuglteljinga, der eg mellom anna fekk notert ein trekrypar. Deretter opna eg den nye romanen til Vidar Sundstøl, Nattsang, og las, ganske tidleg i boka, at eg-personen ein gong i barndomen drap ein trekrypar ved å skyta han med luftgevær, og dette sluttskotet for trekryparen vart startskotet for fugleinteressa til skyttaren. Vonleg får han tilgjeving for drapet, for det står jo i Bibelen at det ikkje fell ein sporv til marka utan at Herren veit det, men det står ingenting om trekryparar.

Han som skaut, er no ein vaksen mann, han har fått seg ei kone og ein son, men ekteskapet og familien er oppløyst. Lesaren får nokre glimt av relasjonen mellom far og son, der faren prøver å få guten interessert i ymse saker, utan særleg hell, inntil han får introdusert han for ornitologien. Ei stund har dei dette saman, men no, etter brotet, merker faren at guten ikkje lenger har den same interessa, og at dette, som var eit viktig kontaktpunkt, litt etter litt kverv. Det er såleis ei veksande sorg i livet til faren, eit tap som ovrar seg litt etter litt, og ein kan ana at dei to kjem til å gli heilt frå kvarandre. Men faren, som heile tida fører ordet, seier ingenting om tap eller sorg, det ligg berre føre i konstateringa av korleis ting faktisk er.

Velskriven

Dette er ei eksepsjonelt velskriven bok, der teksten er klår og gjennomtenkt. Det handlar på yta mykje om hovudpersonens interesse for og kunnskap om fuglar, og forståinga hans av naturen, av tid og historie, men sjølv om han berre ymtar sporadisk om tilhøvet til sonen, kjennest det som om det ligg attom alt han opplever, og at han går så djupt inn i det fuglerelaterte og somme tider doserer, nøytralt og klokt, om emnet, av di han då får tankane vekk frå det store tapet. Men så er det jo just ved fuglane det siste sambandet med sonen ligg. Det dei hadde saman, berre dei to.

Det er ikkje godt å seie kva fuglane veit, og kanskje er det like godt at me ikkje veit det. Somme av dei veit vel på eit vis korleis det er å ha ein song på hjernen, og det kan ein jo verta temmeleg ko-ko av, men dei er interessante av di dei er til, og av di fuglar er ei dyregruppe me lett kan observera, dei er så godt som alle stader, i mange utgåver, men dei vert sjeldan individ for oss, om dei då ikkje har eitt eller anna avvik frå det alminnelege for arten dei høyrer til. I romanen er det såleis den daude trekryparen som kjem nærast hovudpersonen. Daud mun du lite duga, står det rett nok i Håvamål, men her er det ved det avviket fuglen kjem så nær hovudpersonen at livet hans vert endra.

Klokt og klårt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement