Fuglane – i fin flukt

Finurlege Vesaas får nok ein gong nytt liv på scena.

Tom Styve tolkar Mattis innsiktsfullt. Ingvild Holthe Bygdnes konstrasterer han som den jordnære Hege, skriv Bent Kvalvik.
Tom Styve tolkar Mattis innsiktsfullt. Ingvild Holthe Bygdnes konstrasterer han som den jordnære Hege, skriv Bent Kvalvik.
Publisert

Ein norsk omsetjar eg trefte ein gong, kom brått til å seie til meg at ho ikkje visste om nokon diktar som var både så norsk og så universell som Tarjei Vesaas. Det er lett å stadfeste ei slik ytring etter å sett Fuglane av Vesaas på Riksteatret. Sjølv i eit heilt stilisert sceneunivers, med nærast antikostymerte aktørar, merkar vi dualismen mellom det intenst bygdenorske og det eviggyldige, totalt uavhengig av tid og stad. Nett slik er Tarjei Vesaas.

Symbiose

Historia om Mattis og syster hans, Hege, som har budd saman sidan dei vart foreldrelause, har fascinert lesarar i mange tiår. Mattis er ein såkalla enkel sjel, kan hende tilbakeståande, men samstundes klårtsjåande, klok og lyrisk i tanke og tale. I dialogane mellom han og Hege, som må vere både syster og omsorgsperson, får vi dropevis innsyn i både det sterke samhaldet og frustrasjonen over ikkje å vere på same kommunikasjonsnivå. Det er ein menneskeleg symbiose på godt og vondt. Og i møte Mattis har med andre menneske, ser vi òg korleis han både kan gjere inntrykk og sjarmere, men likevel kome til kort. Han kjem ikkje dit han vil med handlingane og livet sitt, og det er diverre ikkje noko lys i enden av tunnelen.

Kjenslevar teft

Framsyninga er ramma inn av eit skoddeliknande bakgrunnsbilete, eit stilreint treplatå og ikkje minst ein passepartout rundt scena av halmstrå. Musikaren og komponisten Kjetil Schjander-Luhr har gitt stykket eit lydbilete bygd på pust og torevêr, som fører sensualitet og varme til det vi får sjå og høyre.

Lasse Kolsrud har tidlegare synt kjenslevar teft for scenepotensialet i norsk litteratur, stikkord Bikubesong, og han har vakkert dramatisert og levandegjort roman til scenestykke denne gongen òg. Tom Styve gjer ei raus og innsiktsfull tolking av Mattis, både kraftfull og forsvarslaus, og Ingvild Holthe Bygdnes kontrasterer han nydeleg som den jordnære Hege. Som tømmerhoggaren Jørgen, den mannlege slangen i paradiset, er Tore B. Granås ekte og hjarteleg. Meir skisseaktig gir Ida Torsdatter Ursin-Hulm, Ane Ulimoen Øverli, Lars Helge Throndsen og Mads H. Jørgensen små glimt av livet «utanfor».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement