Film

Frykt og avsky i Hellas

Eller korleis lage dokumentar om eit nazistisk parti og vanskelege intervjuobjekt.

Regissør Håvard Bustnes har følgt høgreekstremistar i Hellas i fire år.
Regissør Håvard Bustnes har følgt høgreekstremistar i Hellas i fire år.
Publisert

Kva har skjedd med Hellas, undrar filmskapar Håvard Bustnes og rettar kameralinsa mot det innvandringsfiendtlege partiet Gyllent Daggry. Etter valet i 2015 vart dei Hellas’ tredje største parti og fekk 17 medlemmar i parlamentet – medan patriarkane i partiet satt fengsla.

Att stod tre kvinner – ei dotter, ei kone og ei mor – som dreiv valkamp for mennene på imponerande vis. Bustnes har verkeleg fått tilgang til desse personane, både på privaten og i det offentlege rommet. Men heilt frå start av er det tydeleg at han har ein vanskeleg jobb: Han vil høyre at Gyllent Daggry er eit nazistisk parti. Kvinnene vrir på spørsmålet.

Som intervjuar tar Bustnes stor plass. Han lar kameraet gå før og etter kvinnene trur dei blir filma. Han er aktiv og deltakande, men får ikkje dei svara han vil ha. Den gjentakande konfrontasjonen blir slitsam i lengda, og går, trur eg, utover det nære portrettet dette kunne vore av tre kvinner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement