Bok
Frustrerte fruer
Heidi Linde skriv lett underhaldande om misnøgde kvinner.
Heidi Linde har skrive mange romanar og bøker for barn og unge sidan debuten i 2002.
Foto: Carl Christian Raabe
Heidi Linde er ein røynd forfattar av både bøker og dramatikk for barn og vaksne. Hva hun klager over når hun klager over husarbeidet føyer seg inn i sjangeren som framleis ofte litt nedsetjande blir kalla «kvinnelitteratur»: Bøker om kvinners kjærleiks- og kvardagsliv som viser at vilkåra for å realisere eige livsprosjekt ikkje er dei same for kvinner som for menn.
Heilt frå Camilla Collett, og særleg frå og med den store likestillingskampen i 1970-åra, har det kome mange slike bøker i den norske bokheimen – viktige romanar som skildrar vilkåra for halvparten av menneskeslekta. Dei beste løftar dei etter kvart velkjende motiva opp på eit plan som seier noko eksistensielt om levevilkåra for både kvinner og menn og/eller lagar skarp satire av misera. Lindes siste roman lykkast ikkje fullt ut med dette.
Dobbeltarbeidet
Vigdis på straks femti og Linn som er nokre år yngre, vekslar mellom å ha synsvinkelen i romanen. Båe kjenner seg fanga og frustrerte, særleg i høve til mennene dei lever saman med.
Det første kapittelet om Vigdis er både oppslukande og morosamt, og med ein overraskande vri. Vigdis-delane av boka er også vidare dei mest solide. Skildringane frå eit altfor hektisk kvardags- og familieliv er tekne på kornet. Trebarnsmora kjenner ein stigande desperasjon. Ho er dedikert til og velfungerande i jobben som jordmor, men på heimebane haltar det meste. Tenåringsbarna er i ferd med å bli personar ho ikkje kjenner, og eldstemann har flytta langt vekk. Dette taklar ho likevel betre enn tilhøvet til mannen, der futten heilt er forsvunnen. Skal ho gå? Brått ein kveld får ho røynda i hovudet med eit brak, i form av ein SMS ho ikkje skulle ha sett.
Linn er ei kvinne som i stor grad har bygd eigenverdi gjennom det ytre. Ho var den penaste i klassa og kunne velje den ho ville ha. Tidlegare har ho valt feil, men no har ho landa i eit samliv med ein god mann. Det hindrar ikkje at ho nærast blir desperat når menn ikkje gir henne like mykje merksemd som før. Også her blandar Linde komikk inn i det såre, og det fungerer til ein viss grad. Men her er potensial for mykje meir, større tema som forfattaren gjer for lite ut av: Spørsmålet om kva det gjer med identiteten å vere så definert av andre sine blikk, og dessutan om det er nødvendig for ei kvinne å bli mor. Desse viktige spørsmåla blir handsama for overflatisk, og teksten går seg bort i for mange farseaktige scener.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.