Teater

Fru Winsnes som standupartist

Teater Innlandet byr på eit vittig og sjarmerande teatermøte med matmora og folkeopplysaren.

Helle Haugen står åleine på scena i rolla som Hanna Winsnes.
Helle Haugen står åleine på scena i rolla som Hanna Winsnes.
Publisert

Det mangfaldige kvinna Hanna Winsnes (1789–1872) er på eit vis ei personifisert skiljeline i kulturhistoria vår. Ei prestefrue, som ho mellom anna var, hadde nok i utgangspunktet hendene fulle av arbeid som nett det. Hanna Winsnes fødde åtte born, men ho lét seg ikkje ete opp av dei obligatoriske syslane. I det første industrialiseringshundreåret, 1800-talet, såg ho behovet for ålmenn tilgjengeleg informasjon om kosthald, reinhald og hygiene, økonomisk planlegging, barneoppdraging og så bortetter. Ho skreiv då bøker som skulle bli ståande som standardverk om temaa, først og fremst kokebøkene, men ho var òg skjønnlitterær forfattar av dikt, noveller, romanar og barnebøker. Eit overskotsmenneske av dei sjeldne har ho heilt klårt vore, og ho har prega norske tradisjonar ettertrykkjeleg.

Biografisk

Med blikk og kjensle for at ho hadde lengst fartstid som prestefrue på Vang i Hedmark, har Teater Innlandet laga ei biografisk teaterframsyning om henne, skriven og regissert av Otto Homlung og med Helle Ottesen åleine på scena i hovudrolla. Det er ein utovervend monolog, mest som eit foredrag eller eit standupshow, der Hanna Winsnes vitjar oss frå fortida, vel vitande om at ho vender seg til eit publikum i 2017. Midt inne i historiene ho fortel frå livet sitt, får vi innlagde kommentarar om at vi diverre ikkje kan få smake på maten ho lagar, av di ho er engsteleg for Mattilsynet, og at ho lurer på kva «han derre» Hellstrøm ville tykkje om dette.

Ut frå hennar eigne gamaldagse røynsler om å oppdra ein ungeflokk, undrar ho seg over korleis det skal gå med ungar som vert utstyrte med knebeskyttarar og hjelm på hovudet. Blir det folk av slikt? undrar ho. Men først og sist er det sjølve det innhaldsrike og utfordrande livet sitt ho fortel om, rørande, fengslande og morosamt. Og kvar gong ho er nære på å tippe over i det sentimentale, vender ho seg brått til ein publikummar med eit halvfrekt spørsmål, til stor jubel frå salen. Dette er historietime og standupshow i skjønn sameining.

Sjarmerande

Scenebiletet liknar mykje på godt gamaldags «fjelebodteater» (omreisande gjøglartruppar med varierande kvalitet): eit lite interiør med delvis måla flater og eit klassisk skrått scenegolv. Her er det både vedkomfyr og bakebord. Og Helle Ottesen, i eit gedige lampeskjermskjørt og med kyse på hovudet, fordeler tekst, pausar og overgangar med mjuk, naturleg finesse. Ho sjarmerer salen i senk, og det einaste som eigentleg ikkje overtyder, er at ho omtaler seg sjølv som lite pen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement