Frodig og leikent

Kva passar vel betre etter koronakvelartaket enn ei utstilling om tid? Det er eit tema som alle har eit nært forhold til, og som fekk endå eit tydingslag fordi dette er første gongen publikum har fått kome inn i museet på tre lange månader.

Bob Shay: «Skulptur», 1980, porselen.
Bob Shay: «Skulptur», 1980, porselen.
Publisert

Det er tydeleg at det har vore hektisk verksemd attom dei stengde museumsdørene. Resultatet har blitt ei myldrande labyrintisk utstilling med meir enn 150 arbeid. Utstillinga er elegant utført, delt opp i tolv delemne som strålar ut frå eit midtpunkt, som timane på ei klokke. Det er tettpakka med verk på raude veggar, og delemna er skilde frå kvarandre av tunge, raude fløyelsgardiner.

Monteringa er så langt unna minimalismen og den reine utstillinga ein kan kome. Her er alt lov, friskt og nytenkjande. Det er ei leiken utstilling, her tek kuratoren sjansar og set saman tablå av gjenstandar som skurrar mot kvarandre, men på ein god måte, som rykkjer blikket vårt ut av vanen, så vi ser på nytt og undrar oss.

Det er godt å sjå at eit museum med ei så viktig og rikhaldig samling som Nordenfjeldske Kunst­industrimuseum vel å nytte store ressursar på å vise ho fram i ei hovudutstilling. Når dei set gjenstandar frå samlinga inn i nye kontekstar, oppdagar vi verka på nytt og finn nye samanhengar mellom dei. I utstillinga Ta deg TID står verka fram i full prakt.

Klokkene

Den første delen av utstillinga krinsar kring ein stor donasjon av klokker som museet fekk tidleg på 1900-talet. Eit gigantisk barokkskap er flytta inn i utstillingssalen og sett i stand. Her fungerer det som ramme for veggklokker av alle slag.

I ein monter attmed ligg ei eksklusiv førsteutgåve av verdas første leksikon (1762). Boka er slått opp på ei side som skildrar urmakarkunst, ved sida av er det strøydd 36 lommeur med praktfulle små kunstverk. Eitt er dekorert med mekaniske miniatyrar der gylne menneskeskapnader slår ørsmå hamrar mot kvar sine klokker for å minne eigaren om at tida går. Her er også ein engelsk stegteljar frå 1775, og vi som trudde dette var eit nymotens påfunn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement