Teater

Fritt etter Ibsen

Ny klassikartolking fascinerer, men er annleis enn venta.

Kirsti Torhaug i rolla som Ellida Wangel.
Kirsti Torhaug i rolla som Ellida Wangel.
Publisert

Dei teaterlærde vil nok alltid stridast om kor naudsynt eller interessant det er å lage nye «vridne» versjonar av Ibsens samla verk. Resultata av dette er òg så ymse. Versjonen av Fruen fra havet, som Nordland Teater no har sett opp saman med gruppa Convoi Exceptionnel, har teke frekt og freidig fatt på originalmaterialet. Det er ikkje eit like glasklårt skodespel som det Ibsen skreiv, men det klarer i høg grad å spisse konfliktstoffet i stykket på ein ny måte. Og det er ein kunstnarleg heilskap over framsyninga som fengslar og imponerer.

Det ibsenske persongalleriet er denne gongen skrumpa inn frå åtte til fem. Doktor Wangel, som denne gongen er ei kvinne (Anne E. Kokkin), har berre éi dotter, Hilde (Anne Wiig), som er vorten ein slags kombinasjon av seg sjølv og den opphavlege systera Bolette. I tillegg til Bolette er også overlærar Arnholm og kunstnarbohemen Ballested strokne, og målaren Lyngstrand (Sven Henriksen) har fått ein annan posisjon i historia enn han plar ha. Den framande, som skal bringe vendepunktet i stykket, er denne gongen blitt til Døden (Laila Brean Mathiesen). Originalteksten er såleis barbert inn til beinet og i tillegg supplert med tekstbitar frå andre forfattarar. Annonseringa seier òg «fritt etter Henrik Ibsen».

Tolkinga av hovudpersonen Ellida Wangels livskrise går her mot at ho er, og alltid har vore, suicidal. Prosjektet til doktor Wangel blir dermed å redde ho frå døden, ikkje (som i originalen) å hindre at ho vert mist til ein annan mann. Dette «nye» Ibsen-dramaet vert spelt ut i eit stort sett spartansk scenerom og i enkle kostyme. Det einaste verkeleg spektakulære er ein gedigen kjempekrabbe som stundvis inntek scenegolvet. Vi aner med dette Ellidas lengt mot havet, eller det ukjende, og det som er i det. Replikkane vert framførte ettertenksamt, dvelande, men det verkar heile tida rimeleg. Det er vonde og vanskelege ting det skal samrødast om, og då går ikkje praten i allegro. Ensemblet, og særleg Kirsti Torhaug i tittelrolla, leverer med stort truverd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement