Musikk
Friskt pust frå sylvdrapert røyst
Linnea Dale skiftar til norsk på svalt og godt album.
Linnea Dale er ei sylvrøyst, her i sylvskimrande gråtonar.
Foto: Henriette Sagfjord
«Alle» har høyrt røysta til Linnea Dale. I mars 2009 vart ho synonym med suksessen til Donkeyboy, ved i praksis å eige refrenget på «Ambitions», monsterhiten til drammensgruppa. Han vart seinare fylgt opp med fleire samarbeid, inkludert «Sometimes», på mange måtar ein «Ambitions II». Slik er det med pop.
Songen har ei tekstlinje som omsett blir noko slikt som: «Donkeyboys er ikkje det du vil ha, men av og til treng eg nokon som kan få meg til å kjenne meg bra.»
Det siste er heilt sant når det gjeld røysta til 35-åringen frå Tinn i Telemark. Når ho har dei rette songane, når ho får strekkje seg i eigen mezzosopran, då er ho i ein heilt eigen klasse i Noreg.
Den mørke og varme klangen hennar er trygg og fløyelsmjuk, ei røyst som kan løfte ein heilt grei låt til noko fantastisk. I alle fall om ho ikkje vert for ambisiøs.
Fleire versjonar
Som artist har ho nemleg gått gjennom fleire versjonar. Kunstnarisk var ho verkeleg på høgda med Wait for the Morning i 2018. Eit kjenslevart og sensuelt album som ikkje nådde så langt ut som det fortente.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.