JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Friskt og fabulerande

Attom humoren og snerten i verka, anar vi eit stort alvor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Katt i mørke», 1974, ståltråd måla i messingfarge.

Alle foto: Eva Furseth.

6500
20200814
6500
20200814

Kunst

Eikaasgalleriet
i Ålhus:

Jølsters Eventyrlege Gigant – 100 år med Ludvig Eikaas

Frå 1. juni og ut året
Kurator: Solveig Berg Lofnes, avdelingsleiar for Eikaas­galleriet og Astruptunet

Eikaasgalleriet ligg vakkert til ved vasskanten av Jølstravatnet ein halvtimes køyretur nord for Førde. Her er endåtil park og ein freistande badeplass. Og i år har dei smelt til med stor jubileumsutstilling og utstillingskatalog. Det var likevel rett før eg gjekk glipp av alt saman, sjølv om eg hadde planlagt å køyre dette strekket i sommar. For det var eit frykteleg strev å finne ut om galleriet var ope i desse koronatider. Om eg skulle teke til tols med informasjonen på den stusselege heimesida, ville eg køyrt rett forbi i trua på at det var stengt.

Eikaasgalleriet er slett ikkje åleine om å ha mangelfulle nettsider, dette gjeld overraskande mange visningsstader som nettopp er retta mot eit breitt, allment publikum, noko som er eit stort tankekors no som det har blitt så lettvint å legge inn og endre informasjon på digitale plattformer. I tillegg burde det vore sett opp meir informative plakatar ved galleriet, for dette er ei perle vel verd å få med seg.

100 år og 100 verk

I samband med at det er 100 år sidan Ludvig Eikaas (1920–2010) vart fødd, er det laga ei stormønstring med 100 arbeid, like mange verk som galleriet åtte då det opna i 1994. I samband med ei kunstgåve frå Eikaas til kommunen vart eit nedlagt meieri bygd om til galleri over kunstnaren. Sidan har samlinga auka til om lag 850 verk.

Jubileumsutstillinga Jøls­ters Eventyrlege Gigant – 100 år med Ludvig Eikaas viser i hovudsak arbeid frå eiga samling, fordelt på teknikkane grafikk, måleri, skulptur og installasjon. Her får vi god oversikt over eit langt og variert kunstnarskap. Dei mange små salane i galleriet er supplerte med lettveggar og er overraskande rommelege. Likevel, hundre arbeid vert nokre for mange, fleire stader heng verka for tett. Utvalet består også av svake verk som dreg ned heilskaps­inntrykket. Sjølv om konseptet for mønstringa er godt, og det er alltid interessant å sjå eit breitt utval, ville det vore betre å tilpasse konseptet til storleiken på utstillingssalane.

Men ei så kompakt montering vert opphengsmetoden skjemmande. For å spare veggane heng arbeida i ståltrådar festa i ei skinne øvst på veggen. Strengane vert svært synlege og får bilda til å lute skrått ut frå veggen. Det er sjølvsagt utfordrande for eit lite galleri å få tilsette å montere på anna vis, men som konsolidert eining bør ein kunne forvente at det vert sett av ressursar til profesjonell montering.

Frå 2009 har galleriet vore innlemma i museumseininga Musea i Sogn og Fjordane. Ein av fordelane ved ei slik sameining burde nettopp vore at økonomiske ressursar og personressursar kjem dei forskjellige avdelingane til gode under eit slikt krafttak som å setje opp ei ny utstilling. Det er verkeleg synd at heilskapsopplevinga av ei elles svært gjevande utstilling vert forstyrra på dette viset.

Underfundig humor

Sett bort frå desse venleiksplettane er det spennande å dukke ned i den omfattande mønstringa av denne interessante kunstnaren. Ein stor del av arealet er vigt nonfigurativ grafikk og måleri frå 1940- og 50-talet. Saman med ei gruppe studentar frå Statens handverks- og kunstindustriskule i Oslo var Eikaas ein av dei første i landet til å lausrive seg frå det figurative motivet. Eikaas hadde likevel for mykje på hjartet til å einsrette seg mot abstrakte komposisjonar av fargar og former. Også i dei forteljande motiva heldt han fast på eit reint og kraftig forenkla formspråk. Her møter vi ei mengd verk med den sprelske og underfundige humoren som Eikaas er kjend for.

Dei mange sjølvportretta er herleg lite flatterande. Dette er forfriskande å sjå når ein lever i ei tid der mindretalet dristar seg til å legge ut eit bilde av seg sjølv utan at det er pynta på gjennom fleire rundar med idealiserande filter. To av sjølvportretta er lange og smale i formatet, for å få med det enorme slipset av blankt metall han var kjend for, ein slagferdig kommentar til det formelle, og samstundes mest meiningslause av alle plagg. Også metallslipset, som han laga saman med Inger Tragethon i 1990, vert vist i utstillinga, saman med dressen. Dette minner oss om at Eikaas var ein personlegdom av dei sjeldne, og det var ikkje alltid godt å seie kvar personen Eikaas slutta og utøvaren av ein happening tok til.

Det ikoniske verket «Jeg» må framhevast. Utført i sirleg løkkeskrift mot ein bakgrunn av hjelpelinjer dannar bildet ein elegant kommentar til sjangeren sjølvportrett, samstundes som det minner oss på at ein kunstnar alltid legg att noko av seg sjølv i arbeida sine. Verket er like enkelt som treffsikkert. Innan kunsten gjeld det å vere først ute, om andre dristar seg til å lage noko liknande, vil dei vere reduserte til etterplaprarar. Eikaas har laga fleire variantar av «Jeg», som med ein lun humoristisk snert har vore med å plassere han inn i norsk kunsthistorie.

Heimlege motiv
i ny drakt

Verka i utstillinga femner mange uvanlege materiale. Eikaas utforska nyfikent nye materiale gjennom heile livet. Når vi står føre verket «Hesten», ser det ut som eit tilsynelatande tradisjonelt motiv i den veletablerte grafiske teknikken tresnitt. Imot all komposisjonslære stangar dyret i bilderamma, så panna og øyra ikkje kjem med. Dette frekke utsnittet får oss til å sjå ein gong til på hesten. Då ser vi at verket slett ikkje er eit tresnitt, men sjølve trykkplata. Slike plater har blitt sette på som ledd i prosessen fram mot det ferdige trykte verket; dei har vore lite akta i seg sjølve. Eikaas har løfta fram mange av trykkplatene sine som sjølvstendige kunstverk. For å understreke dette har han arbeidd vidare med plata. Når vi ser nærare etter, oppdagar vi at trykkplata framføre oss er ei avstøyping i plast. No er verket ikkje lenger ei trykkplate – det representerer heller eit skulpturelt uttrykk. Såleis gir denne leiken med materialet verket tre nivå.

«Hesten» er karakteristisk for måten Eikaas smeltar tradisjonsrike teknikkar og heimelege motiv kring bygdeliv saman i ei moderne utføring. Utstillinga viser korleis han gong på gong opnar auga våre for kva som kan vere kunst.

Attom humoren og snerten i verka anar vi eit stort alvor. Med eit modig og skrått blikk utfordrar Eikaas dei fastlåste tenkesetta våre. Kva oppgåve kan vere viktigare for ein kunstnar enn nettopp dette?

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis