Film

Friskt fjas

Friske fargar, tøffe tonar og forfjamsande forteljing pregar morbid komedie frå India.
 

Radhika Apte spelar hovudrolla som nygifte Uma, som etter kvart blir eit omsynslaust og skremmande vesen.
Publisert Sist oppdatert

Uma (Apte) og Gopal (Pathak) har vorte arrangerte ektefolk og flyttar inn i ein heim med eitt rom i Mumbai. Gopal er ein spak kar. Uma røykjer, bannar og har ingen idé om korleis ein lagar mat. Den frekke nabokona Sheetal (Kadam) lyt lære ho litt.

Uma freistar stramme opp mannen når han er heime. Ho finn seg sjølv jobb med reinhald på kontor inni sentrum, men verkar som ho gradvis bikkar mentalt og fysisk.

Absurd arrangement

Det som byrjar som ei absurd skildring av frustrasjonar og ulemper med arrangerte ekteskap, sklir ut i sjangerleik med grøssarelement og snodig designa geiter. Det blir grotesk. Stundom lurer ein på om poeng og handling forsvinn i sprø påfunn. Uma er ein særing. Alt blir rarare og rarare. Å tolke fridom som galskap hjå kvinner er typisk. Utanforskap blir ikkje sett lett på korkje i små bygder eller i ståkande storby. Praten går om bleikekrem og bondetampar.

Stille og musikk vekslar brått. Musikken er viktig. Khmerpop av Sinn Sisamouth og Ros Sereysothea møter The Stooges, Howlin’ Wolf, T. Rex, Marty Robbins, Motörhead, Buddy Holly, The Band og Blind Willie Johnson. Litt av ei liste. Tonane dreg oss langt frå det erkeindiske.

Tankane fer til då Wes Anderson vitja India med The Darjeeling Limited. Den britisk-indiske debutregissøren Karan Kandhari har nemnt Taxi Driver som eit døme på storbyskildring han set pris på. Det er altså ikkje det hippe, moderne Mumbai vi ser.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement