Frida med hjarta i handaKatalansk kvalitet er ein knallgod grunn til å oppleve sommar på kino.DramaRegi: Carla
Katalansk kvalitet er ein knallgod grunn til å oppleve sommar på kino.
Laia Artigas (t.v.) er strålande i rolla som Frida, som må flytte til onkelen då mora døyr.
Foto: Santiago Racaj / Arthaus
Seks år gamle Frida (Artigas) flyttar frå Barcelona til onkelen på bygda då mora døyr. Der ventar eit annleis liv med familien til onkelen. Kona Margarita (Cusí) tek kjærleg ansvar, og den vesle kusina Ana (Robles) blir leikekameraten. Omveltinga er stor. Frida lèt seg ikkje tilpassa lett. Figuren er basert på historia til regissøren Carla Simón, som har vunne ei rekkje fortente prisar for den første spelefilmen sin.
Briljante barn
Ein har vel knapt sett barn spele betre i spansk film sidan Ana Torrent briljerte i Bikubenes ånd av Víctor Erice og Ravnene av Carlos Saura midt på syttitalet. Laia Artigas er aldeles strålande i hovudrolla. Augo til Frida er fulle av nyfikne og undertrykte kjensler. Dynamikken med Paula Robles imponerer. Dei to små set dei vaksne i skuggen, sjølv om alle spelar godt.
Carla Simón tek barn på alvor. Lyddesign er kløktig kombinert med val av kameravinklar for å fremje barneperspektivet. Vi høyrer dei vaksne snakke på avstand om frustrasjonane sine og om Frida. Leik står likevel sentralt, og ei rekkje scener er skikkeleg kjekke. Hageslange i sommarsol er ein klassikar. Dei skumle sidene ved leik i skogen er òg sterke.
Fri natur
Lett ustødig kamera fangar både livleg leik og indre uro. Den taktile tilnærminga til natur, murar og menneske minner om Alice Rohrwacher og skildringane hennar av italiensk gardsliv. Sommar i Spania har idylliske trekk, men naturen har òg trugande element. Rebellen Frida er ikkje framand for å utfordra omgjevnadane. Ho har mykje i hjarta som er vrient å få ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.